lørdag 23. oktober 2010

Dykk i arkivet

Sist onsdag hadde vi medlesmøte med "Dykk i arkivet". Vi brukte biblioteket og lokalhistorisk avdeling til møtestad. Laget er saman med Skjåk historielag og Skjåk kommune igang med å digitalisere gamle opptak. Men akkurat denne kvelden var det fokus på dans og takka vera
Folkedansporten så fekk oss tilgang til å sjå på danseopptak som er lagra hjå RFF.

tirsdag 19. oktober 2010

Danse på tjukkleiggjom - kruking

Å danse på tjukkleiggjom - kruke som det også heiter, var eit av triksa som stod på programmet under kveldens hallingkurs. Instruktør Eirik gav gode råd, for å øve vidare vart lekse til neste tysdagskveld
- Strekk godt ut, foten skal førast framover og ikkje tilsides...

Lom og Skjåk juniorlag med forsterking

Lom og Skjåk juniorlag
med seniorforsterking i samband med dansespel i Garmo bygdahus laurdag 16. okt. 2010

lørdag 16. oktober 2010

Dansedag i Garmo

Fått tak på reinlender her!

Så var det springleiken da...

Fjuken kom og fotograferte den blide dansegjengen!

Øving på nakkesprett

Danse på tjukkleiggom - eller kruking er ganske vanskeleg på fyrsten.
Og kl 20 i kveld den 16. oktober er det medlemsfest for dansarane og medlemane i spel og dansarlaga i Vågå, Lom og Skjåk i Garmo Bygdahus.
Der blir det meir dans!
Sjå fleire bilde, det er skrivi med lita skrift øverst på sida " dansedag i Garmo"

torsdag 7. oktober 2010

Haustsesongen i gang

Det er tysdag som er den store dansedagen og staden er gymsalen på Nordberg skule.
kl. 18.00 er det kurs og øving i halling/laus. Dette er dans for spreke rekruttar. Den 12., 19., og 26. oktober og 9. 16. og 23. november er datoane for dei som vil lære seg kåte kast og sprek dans. Instruktør er Eirik Schjølberg. Medlemar går gratis, andre betaler kr 100.- for kurset.

Kl 19. 00 er det C-klassa, her er det for dei nye og unge - dei som har fått kappleiksjuka og dei som gjerne vil bli smitta....
12., 19. og 26. oktober og 9., 16., og 23 november øving/kurs i runddans og springleik.
Medlemar gratis, andre betaler kr 100. - for desse seks kveldane.

kl 20. oo er det danseøving/kurs. Øving på runddans og springleik. Kaffispleis kr. 20.- pr kveld
Kvar tysdagskveld, siste dansekveld før jul er 30. november.
Julebowling saman med Lom og Vågå den 2. desember

søndag 19. september 2010

Samarbeid i emning

Representantar for spel og dansarlaga i Vågå, Lom og Skjåk var den 15. september samla til pratemøte. Tema for kvelden var korleis vi kan støtte kvarandre og kva vi etterkvart finn det naturleg å samarbeid om. Vi har ein kulturarv å forvalte, og dette kan vi gjera kvar for oss og saman. Kvelden munna ut i fleire tankar, som etterkvart vil kome både medlemar og alle andre som likar spel, song og dans. Det første prosjektet som vi er på veg inn i, er ein dansedag for ungdom. Dagen er planlagt til den 16. oktober. Dansekurs i Garmo skule på dagtid, og fest for kursdeltakarar og lagsmedlemar i Garmo bygdahus om kvelden.

tirsdag 7. september 2010

Dans saman med Sølja

Komande laurdag, den 11. september inviterer Sølja danselag fra Hamar til hyggeleg laurdagsdans i Mogarden. Det er Ingrid Maurstad som er primus motor for arrangemenet og ho kan fortelja at 18 glade dansarar kjem for å besøke Skjåk-bygda og ikkje minst danse laurdagskvelden.
Velkomen kl 20, seier Ingrid og kan fortelja at både Stensgårdmusikken, Ragnar Vang og Guro Grimstad stiller med musikk.
Ingrid fortel også at det blir sikkert ei økt med sangdanser, ettersom Sølja tykkjer også denne formen for samværsdans er svært moro.
Det er viktig at vi i Skjåk tek turen til Mogard om laudagskvelden, alle som har høve til å gå på ein gratis fest!
Heimesida til Sølja finn du her