Skjåk spel og dansarlag markerte dansens dag med å delta under høgmessa i Skjåk kyrkje. Vi blir like glade kvar gong soknepresten vår spør om vi vil vera med.
Vi fekk vera preludium - sju par i bunad dansa vals føre prosesjon med prest, døpsvatn og tre dåpsbarn.
- Å danse er å lede og la seg lede, sa presten. Preika fokuserte på dans og glede før springleiken vart spelt opp av Guro Grimstad dansen gjekk innunder preikestolen.
Dansarane fungerte også som postludium når dei i lett og lysting reinlendertakt svinga seg ut kykjedøra.
Tusne takk til presten vår, Hege Fagemoen som ved fleire høve har invitert oss inn i kyrkjelege handlingar.
arbeider for å ta vare på og å vidareføre tradisjonane våre innan song, spel og dans. Vi er tilknytta FolkOrg
mandag 30. april 2012
onsdag 18. april 2012
Dansetur til Heidal
Aprilturen vår i år gjekk til Heidals glade dansarar. Her venta det god servering og ikkje minst
Springleik!
Så moro med så mange!
Kom igjen!
MORO!
Ei runde til...
Og vi avslutta med ein fellesvals.
På heimvegen stoppa vi på Fantasihuset på Bjølstadmo. Det vart handel og.
Vi kvinnfolka tinga oss nye skjørt!
Abonner på:
Innlegg (Atom)