arbeider for å ta vare på og å vidareføre tradisjonane våre innan song, spel og dans. Vi er tilknytta FolkOrg
onsdag 10. februar 2016
Folkemusikkstipendet 2015
Toradertalenta Filip Garcia de Presno og Jens Lygve vart tildelt Folemusikkstipendet 2015 på årsmøtet vårt som vi hadde den 9. februar.
Springleik
Springleik den 16. februar. Vi øver grunnsteg, inngang i rundsnu og rundsnu.
Vi skal danse litt reinlender, vals, skotsk og masurka og.
Alle vel møtt, Kristin og Sigurd spelar.
Som vanleg er det kaffipause med kaffispeis på kr 20.-

søndag 7. februar 2016
Helg på Oppdal
Oppdal spel og dansarlag inviterte til minnekonsert etter Asbjørn Blikken om fredagskvelden 5. mars og Trønderkappleik laurdag 6. mars - og vi la iveg.
Det vart ein særdeles verdig, hyggeleg og rikhaldig minnekonsert - der Blikken og musikk frå Skjåk var i sentrum. Kappleikslaurdagen var som vanleg variert , og ettersom arrangørane opna gjesteklasse, så slengde vi oss frampå kappleiksgolvet.
Turen heim i minibussen sundag formiddag forsatte i same godstemning. Ferske minner vart delt og vi gler oss til neste gong vi kan vera saman med spel, dans og moro som felles arena.

Abonner på:
Innlegg (Atom)