Dersom mange av lagsmedlemane i Skjåk som vil vera med sepå Bowling i Vågå denne kvelden, leiger vi minibuss! Meld frå til Sylfest eller Randi. Avreise fra Statoli i Bismo kl 1800
arbeider for å ta vare på og å vidareføre tradisjonane våre innan song, spel og dans. Vi er tilknytta FolkOrg
søndag 20. november 2011
Bowling 1. desember
Vågå spel og dansarlag har bede inn laga i Skjåk, Lom og Sel/Otta til ein bowling, prat og dans torsdag 1. desember kl 19.00. Trivele! Kven blir det beste bowling-laget? Det kan bli Vågå, ettersom dei er på heimebane!
Kulturkvelden den 11.11.11
Her er fotoglimt frå kulturkvelden, Fotoet kjem frå Bråtåliv. På den nettstaden kan du lesa meir om kvelden. Det er berre å klikke på den lilla skrifta.
torsdag 3. november 2011
Stemning i Nordberg kyrkje
Frå venstre; Einar Lian Bjørgum, Ingrid Lian Bjørgum og Øyvind Sandum
Gruppa kallar seg "Sol i Skuggeskog" og sist laurdag hadde dei konsert i Nordberg kyrkje. Reportoaret deira kom frå "Sol i Skuggeskog" ei diktsamling som Finn Sandum har skrivi. Han lånte bort diktsamlinga si til Øyvind Sandum. Han har saman med Einar-Lian Bjørgum frå Oppdal laga toner til dikta.Sist laurdag var det duka for konsert i Nordberg kyrkje der nær hundre frammøtte fekk ein fin konsertkveld.
Musikken som var laga til dikta var tufta på folkemusikken. Med vakker musikk og flotte dikt vart dette ein kveld av dei skjeldne.
Abonner på:
Innlegg (Atom)