Dersom mange av lagsmedlemane i Skjåk som vil vera med sepå Bowling i Vågå denne kvelden, leiger vi minibuss! Meld frå til Sylfest eller Randi. Avreise fra Statoli i Bismo kl 1800
arbeider for å ta vare på og å vidareføre tradisjonane våre innan song, spel og dans. Vi er tilknytta FolkOrg
søndag 20. november 2011
Bowling 1. desember
Vågå spel og dansarlag har bede inn laga i Skjåk, Lom og Sel/Otta til ein bowling, prat og dans torsdag 1. desember kl 19.00. Trivele! Kven blir det beste bowling-laget? Det kan bli Vågå, ettersom dei er på heimebane!
Kulturkvelden den 11.11.11
Her er fotoglimt frå kulturkvelden, Fotoet kjem frå Bråtåliv. På den nettstaden kan du lesa meir om kvelden. Det er berre å klikke på den lilla skrifta.
torsdag 3. november 2011
Stemning i Nordberg kyrkje
Frå venstre; Einar Lian Bjørgum, Ingrid Lian Bjørgum og Øyvind Sandum
Gruppa kallar seg "Sol i Skuggeskog" og sist laurdag hadde dei konsert i Nordberg kyrkje. Reportoaret deira kom frå "Sol i Skuggeskog" ei diktsamling som Finn Sandum har skrivi. Han lånte bort diktsamlinga si til Øyvind Sandum. Han har saman med Einar-Lian Bjørgum frå Oppdal laga toner til dikta.Sist laurdag var det duka for konsert i Nordberg kyrkje der nær hundre frammøtte fekk ein fin konsertkveld.
Musikken som var laga til dikta var tufta på folkemusikken. Med vakker musikk og flotte dikt vart dette ein kveld av dei skjeldne.
tirsdag 18. oktober 2011
Sol i Skuggeskog
Den 29. oktober kl 19.30 er det konsert i Nordberg kyrkje.
Namnet Sol i Skuggeskog er henta frå det første musikkprosjektet til denne gruppa som er samansett av Øyvind Sandum, torader/trekkspel og vokal, Ingrid Lian-Bjørgum, vokal og Einar Lian-Bjørgum gitar og vokal.
Musikkprosjektet desse tre har arbeidd med og som dei gjestar Nordberg kyrkje med, er ei diktsamling som Finn Sandum har laga. Ho heiter "Sol i Skuggeskog" Dikta har fått tonar hjå medlemane i gruppa. Musikken er fyrst og fremst inspirert av folkemusikk, men andre sjangar har og vorte nytta for å gje "rette" tonefylgje til diktsamlinga.
Sol i skuggeskog består av:Einar Lian-Bjørgum - gitar/vokal, Ingrid Lian-Bjørgum - vokal og Øyvind Sandum - torader/trekkspill/vokal
Namnet Sol i Skuggeskog er henta frå det første musikkprosjektet til denne gruppa som er samansett av Øyvind Sandum, torader/trekkspel og vokal, Ingrid Lian-Bjørgum, vokal og Einar Lian-Bjørgum gitar og vokal.
Musikkprosjektet desse tre har arbeidd med og som dei gjestar Nordberg kyrkje med, er ei diktsamling som Finn Sandum har laga. Ho heiter "Sol i Skuggeskog" Dikta har fått tonar hjå medlemane i gruppa. Musikken er fyrst og fremst inspirert av folkemusikk, men andre sjangar har og vorte nytta for å gje "rette" tonefylgje til diktsamlinga.
søndag 9. oktober 2011
Dansekveldar i haust
Som før om åra blir det dansetrim i Gymsalen på Nordberg skule. Start kl 20.00 og vi er ferdige kl 22.00. Og vi har ei pause med kaffi og biteti. Danseøving og kurskveldar er gratis. Kaffispeleisen er kr 20.- pr kveld.
10. oktober - polskurs Tor Stallvik er instruktør. Leif Inge Schjølberg er spelmann
18- oktober - polskurs Tor Stallvik er instruktør.
Polskveldane passar for alle både nybyrjarar og dei som har prøvd tidlegare.
25. oktober - da dansar vi gamaldans ( runddans)
1. november besøker vi Skjåkheimen OBS denne kvelden byrjar vi kl 19.00
8. november dansar vi meir gamaldans ( runddans)
15. november - springleikkurs
22. november - springleikkurs
29. november - gamaldans ( runddans)
og den 1. desember er det bowling i Vågå

onsdag 3. august 2011
Konsertglimt
Det er mykje som jobbar sakte eller ikkje i det heile teke, så også her. Men nå, endeleg kjem det fotoglimt frå konserten "Jakupsteinen". Arne Sølvberg og Kjell Plassen i godt samspel gav ein fin konsert for dei rundt 50 frammøtte. Dessverre så var det sur vind denne kvelden, men
Arne og Asbjørg fann att varmen med ein feiande Nordfjordspringar.
Arne Sølvberg, Hans Hågå, Rangar Vang, Jon Morken, Johan Kirkeby og Kjell Plassen.
Alle foto: Sylfest Lykre
Arne og Asbjørg fann att varmen med ein feiande Nordfjordspringar.
Arne Sølvberg, Hans Hågå, Rangar Vang, Jon Morken, Johan Kirkeby og Kjell Plassen.
Alle foto: Sylfest Lykre
fredag 10. juni 2011
Konserten "Ved Jakupsteinen" 18. juni
18. juni er det duka for konsert ved Fel Jakupstugu i Nordberg. Arne Sølvberg og Kjell Plassen spelar konserten " Ved Jakupsteinen" kl 19. 00. Feljakupstugu er open frå kl 18.00. Då kan du få kjøpt kaffi og biteti. Det er også høve til å sjå inn i stugu.
Parkering på Mesta-tomta.
Inngang kr 150.- , medlemar kr 100. -
Ved dårleg ver, blir konserten flytt til Nordberg kyrkje.
Arr. Skjåk Spel og Dansarlag
Parkering på Mesta-tomta.
Inngang kr 150.- , medlemar kr 100. -
Ved dårleg ver, blir konserten flytt til Nordberg kyrkje.
Arr. Skjåk Spel og Dansarlag
Abonner på:
Innlegg (Atom)