Namnet Sol i Skuggeskog er henta frå det første musikkprosjektet til denne gruppa som er samansett av Øyvind Sandum, torader/trekkspel og vokal, Ingrid Lian-Bjørgum, vokal og Einar Lian-Bjørgum gitar og vokal.
Musikkprosjektet desse tre har arbeidd med og som dei gjestar Nordberg kyrkje med, er ei diktsamling som Finn Sandum har laga. Ho heiter "Sol i Skuggeskog" Dikta har fått tonar hjå medlemane i gruppa. Musikken er fyrst og fremst inspirert av folkemusikk, men andre sjangar har og vorte nytta for å gje "rette" tonefylgje til diktsamlinga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar