onsdag 3. august 2011

Konsertglimt

 Det er mykje som jobbar sakte eller ikkje i det heile teke,  så også her.  Men nå,  endeleg kjem det fotoglimt frå konserten  "Jakupsteinen".  Arne Sølvberg og Kjell Plassen i godt samspel gav ein fin konsert for dei rundt 50 frammøtte.  Dessverre så var det sur vind denne kvelden, men
 Arne og Asbjørg fann att varmen med ein feiande Nordfjordspringar.
Arne Sølvberg, Hans Hågå, Rangar Vang, Jon Morken, Johan Kirkeby og Kjell Plassen.
Alle foto: Sylfest Lykre

fredag 10. juni 2011

Konserten "Ved Jakupsteinen" 18. juni

18. juni er det duka for konsert ved Fel Jakupstugu i Nordberg.  Arne Sølvberg og Kjell Plassen spelar konserten " Ved Jakupsteinen"  kl 19. 00.  Feljakupstugu er open frå kl 18.00.  Då kan du få kjøpt kaffi og biteti.  Det er også høve til å sjå inn i stugu.
Parkering på Mesta-tomta.
Inngang kr 150.- ,  medlemar kr 100. -
Ved dårleg ver, blir konserten flytt til Nordberg kyrkje.
Arr. Skjåk Spel og Dansarlag

torsdag 2. juni 2011

Kil i år og!

Eg har fått hjelp til å rydde på byggeplassen - og derfor blir det kil-kasting i år og!  Foto er frå i fjor då vi gjennomførte ei kil-kasteturnering.  Det skal vi greie å år og.  Vi i styret håper at mange finn vegen til Søre Haugen.  Laga i Vågå og Skjåk er også inviterte, det er også Nordberg tvauraderlag.  Det ville vera ekstra moro dersom vi fekk mange kil-lag slik at konkurransa vart knivskarp.  Det blir mat å få og drikke å få kjøpt.  Dansegolvet som vart lagt i fjor,  det er akkurat like fint!!Velkomen til kil og dans.

onsdag 13. april 2011

Vårtur til Markane og Tysdagsveitten

Den 12. april var siste dansekvelden for i vår, og da fann vi på å reise på busstur.  Vi svinga oss vestover til Markane og ungdomshuset som ligg mellom Statolistasjonen og brua over til Hornindal. Eit kvitt hus på venstre sida når du kjører vestover rv 15.  Der dansar "Tysdagssveitten" kvar tysdag. Dette vart ei gild øving for oss.  Det er alltid moro å treffe andre danseglade.
 Spelmenn frå Nordfjord byter på å spele til dansegjengen,  denne kvelden vi vitja dei, var spelmannslaget Fjelljom med leiar Arne Sølvberg som stod for musikken. 
 Dei klemde i veg kl 20. og da vart det full fart på dansegolvet.
 Det var spelt runddansar
 og litt turdansar.  Turdansar av det slaget at dansehopen byter på...  Ålandshottis og bytereinlender.  Akkurat passe mykje til at dansarar frå aust og vest blei litt kjende med kvarandre og deretter vart det dansa på tvers av kommunegrensene.
 Torkjell og Kjell var skeptiske til denne bytinga, og stod ei stund og såg på. 
Men dei laut til pers dei og.  Ingen skulle stå og kvile seg,  tysdagssveitten måtte ut.
 Vi hadde belaga oss på dyktig mykje sending.  Ti minutt på ni,  styrta vi uti
minibussen og bar inn bakst og kanner med kaffi.
 Så sa vi versågod  -  det er triveleg med traktering
 Dette var saker som smakte,  til vanleg er det berre vatn i pausa som vanlegvis varar i 10 minutt.  Denne kvelden vart pausa lengre.
Det var spelt ein nordfjorspringar.  Då stod vi klokeleg å såg på.
Klokka 22 var det slutt.
Vi svinga oss heimover i vårnatta med minner om
triveleg dans på Markane saman med venner frå vest.

mandag 4. april 2011

Turen den 12.april

Tysdag 12. april er det blåtur for dansarane -  avreise kl 16.40 frå Bismo.  For å bli med i minibussen er det viktig at du melder deg til Sylfest  -  først til mølla...  får plass. Dette skal bli moro.  Vi er sikkert heime att ved midnatt

Gudbrandsdalskappleiken i Heidal

Heidalshallen var fyllt av ivrige spelarar og dansarar
i alle aldre sist laurdag.
Neste år
17. mars
er arrangørstaden Marlo grendhus.
 Lom og Skjåk juniorspelmannslag i aksjon
 Veronica Bakken,  junior durspel
AMO,  frå juniorspelmannslaget,  gruppespel utan komp

søndag 13. mars 2011

Dans på Pollfoss

Det vart mykje dans og ein supertriveleg kveld i kjellaren på Pollfoss,
dette skal vi gjera meir av.
Nordberg tvauraderlag og Skjåk spelmannslag sytte for dansemusikken,
tullprat og moro sytte vi for sjølve.