Den 12. april var siste dansekvelden for i vår, og da fann vi på å reise på busstur. Vi svinga oss vestover til Markane og ungdomshuset som ligg mellom Statolistasjonen og brua over til Hornindal. Eit kvitt hus på venstre sida når du kjører vestover rv 15. Der dansar "Tysdagssveitten" kvar tysdag. Dette vart ei gild øving for oss. Det er alltid moro å treffe andre danseglade.
Spelmenn frå Nordfjord byter på å spele til dansegjengen, denne kvelden vi vitja dei, var spelmannslaget Fjelljom med leiar Arne Sølvberg som stod for musikken.
Dei klemde i veg kl 20. og da vart det full fart på dansegolvet.
Det var spelt runddansar
og litt turdansar. Turdansar av det slaget at dansehopen byter på... Ålandshottis og bytereinlender. Akkurat passe mykje til at dansarar frå aust og vest blei litt kjende med kvarandre og deretter vart det dansa på tvers av kommunegrensene.
Torkjell og Kjell var skeptiske til denne bytinga, og stod ei stund og såg på.
Men dei laut til pers dei og. Ingen skulle stå og kvile seg, tysdagssveitten måtte ut.
Vi hadde belaga oss på dyktig mykje sending. Ti minutt på ni, styrta vi uti
minibussen og bar inn bakst og kanner med kaffi.
Så sa vi versågod - det er triveleg med traktering
Dette var saker som smakte, til vanleg er det berre vatn i pausa som vanlegvis varar i 10 minutt. Denne kvelden vart pausa lengre.
Det var spelt ein nordfjorspringar. Då stod vi klokeleg å såg på.
Klokka 22 var det slutt.
Vi svinga oss heimover i vårnatta med minner om
triveleg dans på Markane saman med venner frå vest.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar