torsdag 17. februar 2011

Folkemusikkveld i Garmo bygdahus

Lom Spel og Dansarlag saman med Gjeling-Ljomen inviterar til Folkemusikkveld i Garmo Bygdahus torsdag 24. februar kl 19.30.
Ved sida av dei deltek Mads Erik Odde og Ola Byrøygard og Lom og Skjåk juniorspelmannslag.
Etter konserten vart det kaffi og biteti.
Inngang er kr 100.- , barn kr 50.-
Vel møtt

Vi set ned prisen til 10 kr

Årsmøtet vedtok å senke prisen på medlemskapet til lokallaget frå kroner 50.- til kr 10.- for vaksne. Juniormedlemskap er gratis i lokallaget.
I samband med omorganiseringa til FolkOrg, vart medlemsprisen til organisasjonen sentralt auka frå kr 180.- til kr 220.-. for vaksen medlem ( over 18 år). Gudbrandsdal Folkemusikklag skal ha kr 30.- av vaksne og vi i Skjåk har hatt kr 50.- som vår del av kontingenten.
Årsmøtet vedtok å senke prisen på medlemskapet i Skjåk med kr 40.-.
Det medfører at medlemsprisen totalt blir i 2011 som i 2010, kr 260.- ( så sant ikkje Gudbrandsdal Folkemusikk aukar....)
Medlemsprisen for barn og unge aukar i FolkOrg, til kr 100.-
Nå attstår det å sjå kor godt det nye medlemssystemet til FolkOrg funger og at medlemane framleis finn det interessant å vera med i arbeidet for å ta vare på tradisjonane våre innan song, spel og dans.

Styret vart attvald. Årsmeldinga finn du under ei fane øverst på sida

torsdag 3. februar 2011

Årsmøte

Laget har årsmøte den tysdag 15. februar kl. 20 i gymsalen på Nordberg skule. Vanlege årsmøtesaker. Dersom du har saker du vil melde inn til årsmøtet, må du gjera det til Randi Rust innan tysdag 8. februar. epost: randi.rust@gmail.com.
Dersom teknikken står oss bi, skal det bli gjensyn og glimt frå då vi arrangerte Gudbrandsdalskappleiken i 2004. Det blir kanskje tid til dans og!

søndag 16. januar 2011

Vi dansa jule ut i laurdagskvelden

Lom og Skjåk juniorspelmannslag, her med litegrann vaksenforsterning, var svært så aktive då jula vart dansa ut på Dønfoss laurdagskvelden. Dei var med under konserten som å år var via Gammel-Sjugurd.
Ikkje mist spelte laget til dans!





søndag 2. januar 2011

Danse jula ut 15.januar







Julehelg og nyttårskvelden er over, eit heilt nytt år med alle moglegheitar ligg føre oss. Oppmodinga må vera å danse litt kvar dag.



Vi dansar jula ut den 15. januar i Dønfoss grendehus.



I år er tema for programmet "Gammel-Sjugurd". Programmet tek til kl 19.30



Gammel-Sjugurd var døypt 13. januar 1811 i Lomskyrkja og fekk namnet Syver Larsen Nærstenæsstuen. Foreldra flytte til Hjeltartrædet og der voks guten opp. Gjennom konserten vil vi får høyre meir om Gammel-Sjugrd, om musikk av han og i tradisjonetter han. Lom og Skjåk juniorspelmannslag, Skjåk spelmannslag, Guro Grimstad, Kjell Plassen, Arne Sølvberg og Knut Kjøk deltek på konserten. Dei blir også med på dansespelinga saman med Nordberg Tvauraderlag. Men innan dansen tek til blir det servering - her skal resten av julematen tilpers.

tirsdag 16. november 2010

Danseøving med marsipankake

I kveld var det felgruppa som spelte til danseøvinga
Stram vals
I høve kulturprisen var det kake med marsipan og roser på

Kaffistunda vart ekstra lang og som vanleg, svært triveleg.

Hallingkurset er like moro

Oppvarming med hatt på hugu - hattejakta var i gang!
Yess- der fer`n himilshøgt!
Å danse på tjukkleiggjom hadde ho øvd på...
Her byjar det å bli høgt!

Godt å kunne hjelpe kvarandre litt..