arbeider for å ta vare på og å vidareføre tradisjonane våre innan song, spel og dans. Vi er tilknytta FolkOrg
søndag 4. oktober 2009
Sommarminne
Eit lite glimt frå sist sommar då Skjåk spel og dansarlag var med som statistar i Presthaugen i Lom.
mandag 28. september 2009
Vokalkurs
Camilla Granlien kjem til Skjåk laurdag 24. oktober og har kurs! Vi i Skjåk har også ein stor skatt når det gjeld gamle songar. Kom og bli med på dette dagskurset. Ver med og ta vare på den eldste forma for folkemusikk. Ein tradisjon som ikkje må bli borte. Påmelding til 90941702
fredag 14. august 2009
Opning av Breheimen
Tunet på Sota sæter var staden for markeringa av at Breheimen Nasjonalpark er ein realitet. Det var statsminister Jens Stoltenberg, finansminister Kristin Halvorsen, samferdselsminister Liv Signe Navarsete og miljøvernminister Erik Solheim som stod for den formelle opninga. Men ved sida av alle talene, vart det også eit lokalt show som Endre Skjåk hadde regien av. Endre batt soga "Far i fjell" saman, han spelte den legendariske fjellmannen Svein Kvittingen. Og Svein tykte det var stas om sommaren når budeiene var på plass, og dei fekk friarar...
Dansen gjekk lystig på setervollen, det var dansarar frå Skjåk spel og dansarlag som var budeier og friarar denne gongen. Spelmann er Rikard Skjelkvåle.
tirsdag 4. august 2009
Konsert på Uppigard Garmo
tirsdag 28. juli 2009
Dans etterpå
Undervegs med Ibsen - i år og
Abonner på:
Innlegg (Atom)