
I samband med
Hamsunjubileet var det ein folkemusikkonsert i tunet på Uppigard Garmo. Det var utøvarar frå dei tre Ottadalskommunane som gav tilhøyrarane ei flott og variert musikalsk oppleving denne fine augustettermiddagen. Det var Jarnfrid Kjøk som opna konserten. Ein konsert som var samansett av både vokal tradisjon, solospel og samspel på fele, trekkspel og durspel. Programleiar Ola Grøsland.
Arnstein Fjerdingren og Marianne Stensgård i aksjon, dei representerte Skjåk saman med Aud Hove.
Aud Hove
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar