arbeider for å ta vare på og å vidareføre tradisjonane våre innan song, spel og dans. Vi er tilknytta FolkOrg
tirsdag 28. juli 2009
Dans etterpå
Undervegs med Ibsen - i år og
tirsdag 21. juli 2009
Øving i gang
Øvingane til årets "Vandring med Ibsen" i Presthaugen er i gang. Også i år er Skjåk spel og dansalag med som statistar, både i bryllaupet på Hægstad der Peer kjem og røvar brura og i gravfølgjet som høyrer "Prestens tale". Å vera med er vorte ein av dei store opplevingane for oss. Premiæra er fredag 24.juli og vandreteateret blir framsynt 26. og 27. juli og. Du får kjøpt billettar ved Turistinformasjonen i Lom og ved porten ved Storstabburet. Forestilling tek til kl 19.00. Kom og sjå, dette er ei flott oppsetting av Peer Gynt.
søndag 28. juni 2009
NM i folkemusikk
onsdag 17. juni 2009
torsdag 4. juni 2009
Vi vander med Ibsen i Presthaugen
Det er ikkje så lenge til det er vandrespel i Presthaugen att. Vi skal vera med som statistar i år og. Prøvdatoer; sundag 19.juli kl 14.oo ( gjestebodet og gravølet), gjennomgang tysdag 21. og onsdag 22., båe kveldane kl 18. Generalprøva er torsdag 23. juli og då må alle vera på plass.
Dei fleste av oss statistar bør (og skal vera med) på gjennomgangane.
Premiære fredag 24. juli, framsyning sundag 26. juli og måndag 27. juli.
Vi kan berre byrja å gle oss - og reklamere for eit fantastisk vandrespel saman med Ibsen og ikkje minst; Peer Gynt.
lørdag 30. mai 2009
Ståk i Skjåk
"Ståk i Skjåk" er ein trivselsdag for alle, i år vart denne gjennomført 30.mai. Marknadsdagen vart avslutta med sommarkonserten til kulturskulen. Dagen byrja med song og dans på bankplassen, og avslutta i Skjåkhallen. I mellomtida hadde laget verva 25 nye medlemar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





