tirsdag 21. juli 2009

Øving i gang

Endre Skjåk spelar Peer Gynt og han forklarar også oss statistar korleis dette skal bli

Øvingane til årets "Vandring med Ibsen" i Presthaugen er i gang. Også i år er Skjåk spel og dansalag med som statistar, både i bryllaupet på Hægstad der Peer kjem og røvar brura og i gravfølgjet som høyrer "Prestens tale". Å vera med er vorte ein av dei store opplevingane for oss. Premiæra er fredag 24.juli og vandreteateret blir framsynt 26. og 27. juli og. Du får kjøpt billettar ved Turistinformasjonen i Lom og ved porten ved Storstabburet. Forestilling tek til kl 19.00. Kom og sjå, dette er ei flott oppsetting av Peer Gynt.

Sangøving, vi må da kunne salma som gravølsfylgjet skal syngje

Ingen kommentarer: