arbeider for å ta vare på og å vidareføre tradisjonane våre innan song, spel og dans. Vi er tilknytta FolkOrg
onsdag 10. februar 2016
Folkemusikkstipendet 2015
Toradertalenta Filip Garcia de Presno og Jens Lygve vart tildelt Folemusikkstipendet 2015 på årsmøtet vårt som vi hadde den 9. februar.
Springleik
Springleik den 16. februar. Vi øver grunnsteg, inngang i rundsnu og rundsnu.
Vi skal danse litt reinlender, vals, skotsk og masurka og.
Alle vel møtt, Kristin og Sigurd spelar.
Som vanleg er det kaffipause med kaffispeis på kr 20.-
Vi skal danse litt reinlender, vals, skotsk og masurka og.
Alle vel møtt, Kristin og Sigurd spelar.
Som vanleg er det kaffipause med kaffispeis på kr 20.-
søndag 7. februar 2016
Helg på Oppdal
Oppdal spel og dansarlag inviterte til minnekonsert etter Asbjørn Blikken om fredagskvelden 5. mars og Trønderkappleik laurdag 6. mars - og vi la iveg.
Det vart ein særdeles verdig, hyggeleg og rikhaldig minnekonsert - der Blikken og musikk frå Skjåk var i sentrum. Kappleikslaurdagen var som vanleg variert , og ettersom arrangørane opna gjesteklasse, så slengde vi oss frampå kappleiksgolvet.
Turen heim i minibussen sundag formiddag forsatte i same godstemning. Ferske minner vart delt og vi gler oss til neste gong vi kan vera saman med spel, dans og moro som felles arena.

mandag 25. januar 2016
Dansa jula ut med springleik og springar
Årets danse jula ut den 9. januar vart ei danseførestilling av dei skjeldne.
Sjølv om det var 25 minus, kom folk.
Likt og ulikt i springar og springleik var overskrifta for kvelden.
Tor Stallvik guida oss gjennom dansen,
og dansarar dansa og viste korleis tradisjon var hjå dei.
Fyrst ut var Skjåk, representert ved Helen og Arve Hole.
Deretter kom Lom, representert ved Torgeir Holø og Marit Lyngve
Vågå stilte med eit juniorpar.
Heidal møtte opp med ein minibuss med dansarar. Desse vann trekninga om å vise Heidalsvarianten
Anne Grete Nyseter Bjørgan og Rolf Bjørgan har tradisjon frå Folldal.
Dei laut til pers å vise pols og parhallig og
Springar frå Jostedalen - her Sigrun Vigdal og Morten Vigdal
Nordfjord har to variantar - gamalspringar og den "vanlege" Nordfjordspringaren
Kjartan Naustdal og Aud Sissel Orheim viste båe formane
Utover natta dansa alle - det dogga på glasa og kaldgufsen stod inn gjennom døra - når noko for ut eller inn.
Det var ein gasta gild dansekveld.
Filip de Presno og Jens Lyngve stod for musikken den første halvtimen.
fredag 13. mars 2015
Dans mest mogleg
Kom og
Dette er ein kveld for sosial samværsdans, og vi set dansen kl 19.00.
DEt blir gildt med musikk, Vågå juniorspelmannslag spurte om dei kunne få kome, både for å danse og spela til dans. Vidare har vi Ramstadstrondingane og Kristin og Sigurd til å spele.
Det skal ikkje stå på musikken!
Dette er ein rein dansekveld, Her er det om å gjera å danse mest mogleg.
Det er blir ei kveldsmatpause ved 21-tida og når klokka slår midnatt er dansen til endes for denne gong.
Det kostar 100.- å vera med på kvelden, då er mat og kaffi inkludert.
Eg vil gjerne at du melder deg på med å sende melding eller ringe til 90172366 eller sende epost til randi.rust@gmail.com. Arrangementet er også på Facebook.
Maset om påmelding er på grunn av maten. Det er stor skilnad på å lage mat til 30 og til 90!
Det blir også eit lite gratislotteri.
Vi hadde tilsvarande triveleg dansekveld i Vågå i november, nå skal vi danse oss gode minner på Moar,
DANS MEST MOGLEG
på Moar fredag 20. mars 2015.Dette er ein kveld for sosial samværsdans, og vi set dansen kl 19.00.
DEt blir gildt med musikk, Vågå juniorspelmannslag spurte om dei kunne få kome, både for å danse og spela til dans. Vidare har vi Ramstadstrondingane og Kristin og Sigurd til å spele.
Det skal ikkje stå på musikken!
Dette er ein rein dansekveld, Her er det om å gjera å danse mest mogleg.
Det er blir ei kveldsmatpause ved 21-tida og når klokka slår midnatt er dansen til endes for denne gong.
Det kostar 100.- å vera med på kvelden, då er mat og kaffi inkludert.
Eg vil gjerne at du melder deg på med å sende melding eller ringe til 90172366 eller sende epost til randi.rust@gmail.com. Arrangementet er også på Facebook.
Maset om påmelding er på grunn av maten. Det er stor skilnad på å lage mat til 30 og til 90!
Det blir også eit lite gratislotteri.
Vi hadde tilsvarande triveleg dansekveld i Vågå i november, nå skal vi danse oss gode minner på Moar,
Abonner på:
Innlegg (Atom)