mandag 25. januar 2016

Dansa jula ut med springleik og springar

Årets danse jula ut den 9. januar vart ei danseførestilling av dei skjeldne.  
Sjølv om det var 25 minus, kom folk.
Likt og ulikt i springar og springleik var overskrifta for kvelden.
Tor Stallvik guida oss gjennom dansen,
og dansarar dansa og viste korleis tradisjon var hjå dei.
Fyrst ut var Skjåk, representert ved Helen og Arve Hole.


 Deretter kom Lom,  representert ved Torgeir Holø og Marit Lyngve
Vågå stilte med eit juniorpar.
Heidal møtte opp med ein minibuss med dansarar.  Desse vann trekninga om å vise Heidalsvarianten
Anne Grete Nyseter Bjørgan og Rolf Bjørgan har tradisjon frå Folldal.
Dei laut til pers å vise pols og parhallig og
 Springar frå Jostedalen  -  her Sigrun Vigdal og Morten Vigdal


 Springar frå Solund  -  Leikny Aasen og Vidar Underseth  i fint driv

Nordfjord har to variantar  -  gamalspringar og den "vanlege" Nordfjordspringaren
Kjartan Naustdal og Aud Sissel Orheim viste båe formane



Utover natta dansa alle  -  det dogga på glasa og kaldgufsen stod inn gjennom døra  -  når noko for ut eller inn.
Det var ein gasta gild dansekveld.
Filip de Presno og Jens Lyngve stod for musikken den første halvtimen.


Ingen kommentarer: