lørdag 8. mai 2010

Vågå spelmannslag i Skjåk

Glimt frå Landsfestivalen, det byrjar å bli lenge sia festdagane i juli 2008, men musikken er like god for det!

tirsdag 6. april 2010

Krinsmeisterskap i helga

I helga blir Gudbrandsdalskappleiken arrangert i Vågå. Tevlingane tek til kl 13, og dette er "kretsmeisterskapet til Gudbrandsdalen når det gjeld vokal, spel og dans.
Det er rekruttane som startar, sia går det slag i slag. Spelmannslaga i dalen tevlar frå kl 20.45 - då spelar dei til dans samstundes som dei blir rangerte av dommarpanel.
Alle som likar folkemusikk og gamaldans må ta turen til Kulturhuset i Vågå laurdag 10. april

Medlemsinfo utsendt

Sjekk postkassa di, anten ho er analog eller digital. Det skal vera kome ein medlemsinfo som dekker april, mai, juni og juli. Dersom infobrevet manglar om laurdag og, så gjer vel å kontakte meg eller ein annan i styret. Vi har sendt til alle som står på medlemslista

mandag 22. mars 2010

Meir av dette

Rekruttdansarane har lenge ynskt å kunne danse som FRIKAR. I kveld 22.mars, fekk vi til ein smakebit på å danse laus. Vi hadde besøk av Eirik Schølberg, og alle fylgde nøye med då han dansa, og det meste spanande var om han greidde hatten.. Det greidde han. Samtlege var svært lydhøre for instruksjon og gode råd før dei sjølve skulle prøve seg..
Flott stil!Hard innsats
Greidde det!
Tjo hei!
Sjå hatten kor han fer..
Foten høgare enn hatten
Hatten på veg ut av bildet!
Høgt opp til hatten
MORO - dette er dans for sprekingar
Så er det eit spettent hopp
Klar for kruking

fredag 5. mars 2010

Øn Jo Kolstadløkken


Laurdag 20. februar var det ein triveleg festkveld der spelmannen John Kolstadløkken vart sett i fokus. I år er det 100 år sia han var fødd og Elias Sperstad leia eit rikhaldig program for eit fullsett Dønfoss Grendehus.
Mellom anna var Dalakara på scena att, rundt 25 år sia dei var svært så aktive dansespelmenn. Arnstein Fjerdingren, Elias Sperstad, Ottar Brustad, Torstein Sperstad og Alf Rune Melby var Dalakara. Denne kvelden i Dønfoss mangla Melby, han var ute på spelejobb.

onsdag 10. februar 2010

Årsmøte

Minner om årsmøtet i laget. Det er 16.februar på Nordberg skule. Alle medlemane har fått tilsendt innkalling og årsmelding. Når årsmøtet er ferdig, blir det videoglimt fra moro som laget har vore med på. Vel møtt.

Lom og Skjåk juniorspelmannslag


Nå er juniorlaget på youtube - og har eiga gruppe på fjesboka.
Dette lovar godt for framtida