fredag 29. mai 2009

Unge dansarar i hardtrening


NM i folkemusikk er like om hjørna, og da må ein henge i med trening. Spel og danselaga Skjåk og Vågå har eit C-lag saman. I morgo skal C-dansarane frå Skjåk på scena i samband med Ståk i Skjåk og sommaravslutninga til Kulturskulen. Skjåk har samarbeid med Lom spelmannslag om eit juniorspelmannslag, og desse syrgjer for musikken, Det er moro med dans og spel, Sigrid Skjelkvåle Aaboen er med som trenar for dansegruppa.

mandag 27. april 2009

Kulturminne

Dagleglivets kultur er tema for 2009 og i mars var den sosiale samversdansen månadens arrangement. Nok ein triveleg dansekveld i gymsalen på Nordberg skule. Ved sida av dansinga var det kaffi og biteti servert saman med gode historier.
Posted by Picasa

Årsmelding 2008

Betre seint enn aldri...
Årsmelding 2008

Styret har i år vore samansett slik:
Randi Rust leiar
Marianne Stensgård
Solveig Bræk
Kjell Kvålshagen økonomi
Rikard Skjelkvåle
Ole Håve vararepresentant
Hans Hågå - spelmannslags representant


Som seg hør og bør byrja også dette året med å Danse ut jula. I år var programmet via bødrene Alfred og Mathias Bismo. Det er ein rikhaldig tradisjon etter Bismokarane og det var ekstra triveleg for oss at Mathias Bismo 90 år, var til stades saman med familien sin. Det var eit rikhaldig program - som vart leia av Ivar Teigum.
Neste opplevelse var Gudbrandsdalskappleiken, i år arrangert av Lillehammer spel og dansarlag på Jorekstad. Ein flott gjennomført kappleik, og slik ein lugum stad å arangere.
Vi deltok med lagdans pluss at Helen og Arve Hole, Sigri Skjelkvåle Aaboen og Even Luseter (Vågå spel og dansarlag) og Randi og Ole deltok i springleik kappdansen

Marianne har engasjert seg og dansar med ungar i samband med Trusopplæringsprosjektet og hadde ei knall helg saman med Ingrid Maurstad og Nils Slapgård hadde folkeviseleik og danshelg i Marlo andre helga i mars.

Vi var også med på Otta den 29. april på Dansens Dag.

Det aller aller største dette året var Landsfestivalen i gamaldansmusikk som vart arrangert av oss i Bismo 16. – 20. juli.
Eit glimrande arrangement der heile bygda stod på for å lage til ein super festival.
Vi sit att med eit overskot - tett oppunder 700.000 kroner. Dette er rekord.



Så var det olsok i Presthaugen og som tidlegare år var vi verdifulle statistar og deltakrar i ”Undervegs med Ibsen”

Den 1. november var det duka for dugnadsfest etter Landsfestivalen.
Stor fest der vi verkeleg tok på oss spanderbuksene……

Laget gav bort danseinstruktør, Tor Stallvik og spelmann Hans Hågå til dansedagen på Skjåk ungdomsskule.
Elles har vi hatt dansetrim om tysdagkveldane både vår og haust. Ole Håve har gjort ein stor innsats med å skaffe spelmenn til dansekveldane. I vårsemesteret hadde vi springleik instruksjon med Tor Stallvik, noko som gjorde at vi vart kjempeinspiretert og ynskjer at at skal kome att ved eit seinare høve.


Vi har hatt 3 styremøte og handsama 19 saker
Vi har 63 medlemar,
Solveig Bræk var utsending til årsmøtet i GF
Vi hadde ikkje utsending til årsmøtet i LfS, ettersom dette kolliderte med dugnadsfesten vår.

tirsdag 31. mars 2009

Gudbrandsdalskappleiken 2009

Skjåkdansarane under mønstringa

Slåstuen henta premien for Mukampen spelmannslag som vann lagspelet.

Vågådansarane under mønstringa.
Posted by Picasa

torsdag 19. februar 2009

ÅRSMØTE

Minner om årsmøtet som er 24.februar kl 19.30 på Skjåk ungdomskule. Årsmøtesaker.

tirsdag 10. februar 2009

Øving og øving



Vi har det lærerikt og morosamt på springleikøvingane våre. Nå er det att ein kveld, den 17. febr med kurset. Ettervinterferien fortsett vi med dansekveldar. Då blir det springleik attåt anna dans.
Trivelg og morosam dansetrim for alle.
Posted by Picasa

lørdag 24. januar 2009

Full fart på golvet


Det vart full fart på Nordberg skule tysdagskveld 17. januar. Først ut var dei yngste, mellom anna så oppattfriska dei Herr Smett. Neste tysdagskveld frå kl 19.00 står Per Spelmann på programmet.

Klokka 20 byrja springleikkurset. Heile 40 personar var på plass - og det gjekk nesten opp med kar ogkvinnfolk og! Springleiken er i fokus fram til vinterferien. Kom og dans.