mandag 27. april 2009

Årsmelding 2008

Betre seint enn aldri...
Årsmelding 2008

Styret har i år vore samansett slik:
Randi Rust leiar
Marianne Stensgård
Solveig Bræk
Kjell Kvålshagen økonomi
Rikard Skjelkvåle
Ole Håve vararepresentant
Hans Hågå - spelmannslags representant


Som seg hør og bør byrja også dette året med å Danse ut jula. I år var programmet via bødrene Alfred og Mathias Bismo. Det er ein rikhaldig tradisjon etter Bismokarane og det var ekstra triveleg for oss at Mathias Bismo 90 år, var til stades saman med familien sin. Det var eit rikhaldig program - som vart leia av Ivar Teigum.
Neste opplevelse var Gudbrandsdalskappleiken, i år arrangert av Lillehammer spel og dansarlag på Jorekstad. Ein flott gjennomført kappleik, og slik ein lugum stad å arangere.
Vi deltok med lagdans pluss at Helen og Arve Hole, Sigri Skjelkvåle Aaboen og Even Luseter (Vågå spel og dansarlag) og Randi og Ole deltok i springleik kappdansen

Marianne har engasjert seg og dansar med ungar i samband med Trusopplæringsprosjektet og hadde ei knall helg saman med Ingrid Maurstad og Nils Slapgård hadde folkeviseleik og danshelg i Marlo andre helga i mars.

Vi var også med på Otta den 29. april på Dansens Dag.

Det aller aller største dette året var Landsfestivalen i gamaldansmusikk som vart arrangert av oss i Bismo 16. – 20. juli.
Eit glimrande arrangement der heile bygda stod på for å lage til ein super festival.
Vi sit att med eit overskot - tett oppunder 700.000 kroner. Dette er rekord.



Så var det olsok i Presthaugen og som tidlegare år var vi verdifulle statistar og deltakrar i ”Undervegs med Ibsen”

Den 1. november var det duka for dugnadsfest etter Landsfestivalen.
Stor fest der vi verkeleg tok på oss spanderbuksene……

Laget gav bort danseinstruktør, Tor Stallvik og spelmann Hans Hågå til dansedagen på Skjåk ungdomsskule.
Elles har vi hatt dansetrim om tysdagkveldane både vår og haust. Ole Håve har gjort ein stor innsats med å skaffe spelmenn til dansekveldane. I vårsemesteret hadde vi springleik instruksjon med Tor Stallvik, noko som gjorde at vi vart kjempeinspiretert og ynskjer at at skal kome att ved eit seinare høve.


Vi har hatt 3 styremøte og handsama 19 saker
Vi har 63 medlemar,
Solveig Bræk var utsending til årsmøtet i GF
Vi hadde ikkje utsending til årsmøtet i LfS, ettersom dette kolliderte med dugnadsfesten vår.

Ingen kommentarer: