søndag 13. januar 2008

Fleire glimt frå Dønfoss den 12. januar





Dansa ut jula



Det stod korkje på musikk, mat og publikum då jula vart dansa ut sist laurdagkveld den 12. januar. Programmet vart bygt over musikken til Mathias og Alfred Bismo. Desse to tvillingane har mykje musikk som dei har levert vidare - og Mathias lever enda. I ein alder av snart nitti år var han tilstades heile natta til endes.
Programleiaren Ivar Teigum leia eit tettpakka program for ein fullsett Dønfoss grendhus.
Etter programet var det tid for mat - resten av julematen å då etast opp, før dansen gjekk utover natta.

Posted by Picasa

mandag 7. januar 2008

Danse jula ut

Laurdag 12. januar kl. 19.30 dansar vi ut jula på Dønfoss grendehus. Kveldens program er bygt på musikken og tradisjon til Alfred og Mathias Bismo. Ivar Teigum er programleiar.
Etter eit langt og rikhaldig program er det kaffi og biteti før vi ryddar golvet for dans.
Alle velkomne.
Inngang: medlem: kr 100.- , ikkje medlem kr 150.-

søndag 30. desember 2007

Godt nyår


Godt nytt spel og danseår seier engelen med torader. Han ser fram til sommaren med Landsfestivalen i Bismo.
Vonar alle medlemar og andre som les dette har hatt ei triveleg julehelg og er klar for eit nytt år med utfordringar og gleder. Vi treffest, første arrangementet vårt er å "Danse jula ut" på Dønfoss grendehus 12. januar. Årets program er via Bismo-musikk.
Posted by Picasa

mandag 12. november 2007

Kaffi



Vi tek oss alltid pause med kaffi og prat.... Kvar og ein betaler kr 20.- i potten. Denne gongen skal innhaldet i spleiskoppen nyttast til ekstraservering siste dansekvelden i haust. Det er tysdag 20. november. Då er serveringa gratis for alle som dansar seg glade og sveitte den kvelden.

søndag 11. november 2007

Dansemoro

Dansen går så sveitten renn når vi har dansetrim på Nordberg skule. Her er glimt frå tysdag 6. nov. Det er ennå att to danseglade kveldar innan vi tek jula. Vel møtt til dans. Dans deg glad
Posted by Picasa

torsdag 1. november 2007

Meir dans

Det blir fleire og fleire som finn ut at det er morosamt med dansetrim på Nordberg skulen. Det er plass til fleire. Sist dansa 18 personar medan Kjell Arne spelte, neste tysdag; som er den 6. november er det Nordberg Tvauraderlag som stiller opp. Kjem du??