Nå er ho her, boka om Fel-Jakup. Det er 200 år sia den legendariske spelmann var fødd. Ivar Teigum har skrivi om mannen, Rolv Brimi har skrivi om musikken. Boka er på 144 sider og det er innlagt ein cd med 21 leikje. Alle nyinnspelte av ulike utøvarar som ville vera med å heidre tonearven. Boka kan du kjøpe hjå oss i Skjåk spel og dansarlag. Boka kostar kr 350.- . Må eg sende ho i posten blir det pluss 100 kr i porto. Vi har vipps . Boka kan du også kjøpe på lokale butikker, Coop Skeimo, Akantus blomster og Coop marked Bruvoll
arbeider for å ta vare på og å vidareføre tradisjonane våre innan song, spel og dans. Vi er tilknytta FolkOrg
søndag 21. mars 2021
onsdag 15. januar 2020
Skotårsdans på Moar
Hausten 2019 hadde vi dansekveldar på Moar grendehus som vi kalla "Møle på Moar". Nå feirar vi skotårsdagen med dans. Vi tek til kl 20, da er teatergruppa til UL Fram på plass på scena! Dei har lova oss glimt frå reportoaret deira.
Lom Toradergruppe spelar til dans.
Moar grendehus sel mat, kaffi og brus.
Vi har bestemt oss for ein dansekveld der unge også har plass på dansegolvet, aldergrensa er 15 år.
Trivelskveld for alle aldrar, og du treng ikkje danse for å kome, det er alltid triveleg å høyre på musikk og prate med folk.
Kl 24 er det slutt. Da er skot-årsdagen til endes og 1. mars og klomånaden tek til.
Dansa jula ut med unge krefter
Som vanleg markerte vi Tjugandag Jul med å danse jula ut i Dønfoss grendehus.
Programmet denne gongen var samansett av unge utøvarar som varta opp med å traktere torader, fele, vokal og dans.
Etter eit dugeleg matbord var det tid for dans.
Lom Toradergruppe spelte, likeså Lom Juniorspelmannslag og Astrid Sulheim slo til med ei skikkeleg springleikkule.
Dansen gjekk lystig, og alle dei unge utøvarane er også glade i å danse.
Dansegolvet var verkeleg miksa av glade folk i alle aldre!
tirsdag 26. mars 2019
Endeleg kjem det noko her att
Sommaren 2018 arrangerte vi Landsfestivalen i gamaldansmusikk her i Skjåk.
Det gjekk godt - vi hadde mange trivelge gjester og gode friviljuge.
Slikt blir det gode minner av.
Alle fotoglimta er teke av Randi Rust
Gjestene har reist, vi rydder
Ein tom trekkspelkoffet - hittegods.
søndag 15. januar 2017
Folkemusikkstipendet
Årets folkemusikkstipend for ungdom gjekk denne gongen til danseparet Julianna Banken og Sverre Melhus Dahl. Her er Sverre på ekte skjåkvis påveg til å snu seg under handa til Julianna.
Julianna og Sverre er klare til å føre dansetradisjon vidare.
Julianna og Sverre er klare til å føre dansetradisjon vidare.
Song, åt og dansa ut jula
Tema for årets "danse jula ut" var vokal-tradisjon. Vi starta kl 14.00 med kurs på ungdomsskulen.
Kursdeltakarane var fyste innslag på programmet om kvelden på Dønfoss grendehus.
Danse jule ut i år vart altså arrangert den 14. januar.
Slagje storrumbrød med raudost frå Tine Lom og Skjåk
er forkunnmat
åttåt kaffi.
Dalakara spelte opp og det gjorde
Audun Sperstad, Rikard Skjelkvåle, Torstein Frøyse, Jon Morken, Reidar Skjelkvåle og Torbjørn Jøingsli og. Reidar Skjelkvåle spelte ei gild springleikkule - så dansen gjekk lystig utover natta.
Nå er det å ta fatt på 2017. Det er att lenge til jul!
tirsdag 3. januar 2017
Danse jula ut 2017
Jula går til endes og vi er klar til å danse ut jula på Dønfoss grendehus 14. januar.
kl 19.00 er vi klar med programet, i år er det vokaltradisjon. Ola Grøsland er programleiar og vi får møte nye og erfarne, unge og eldre utøvarar.
Som vanleg har vi traktering før vi svingar oss i dansen.
Inngang kr 200.-
Medlemmar klr 100.-
Juniorar under 18 år, går gratis
Sal av brus og øl.
Slutt kl 01.00

Vokalkurs
Nå er det vår tur - vår tur til å ha fokus på vokaltradisjon vår.
Det blir kurs laurdag 14. januar kl 14.00- 18. 00 på Skjåk ungdomsskule.
Dette er eit kurs for alle aldrar, for dei som har songe før og for alle som vil lære folketonar.
Jarnfrid Kjøk, Ragnhild Bjørge,Ola Grøsland og Guro Grimstad stiller opp som lærarar - her blir det å lære direkte.
Det blir song
- litt songleikar og sjølvsagt
pausar innimellom og skikkeleg matpause.
Kl 16.00 Vi
serverer pizza og drikke til
deltakarane.
Vidare blir det mat att klokka 18. Det er fint å få litt mat før ein reiser til Dønfoss for å bli med på å "Danse jula ut" .
Det er sjølvsagt friviljugt å bli med i programmet.
Arrangør:
Skjåk spel og dansarlag
onsdag 10. februar 2016
Folkemusikkstipendet 2015
Toradertalenta Filip Garcia de Presno og Jens Lygve vart tildelt Folemusikkstipendet 2015 på årsmøtet vårt som vi hadde den 9. februar.
Springleik
Springleik den 16. februar. Vi øver grunnsteg, inngang i rundsnu og rundsnu.
Vi skal danse litt reinlender, vals, skotsk og masurka og.
Alle vel møtt, Kristin og Sigurd spelar.
Som vanleg er det kaffipause med kaffispeis på kr 20.-
Vi skal danse litt reinlender, vals, skotsk og masurka og.
Alle vel møtt, Kristin og Sigurd spelar.
Som vanleg er det kaffipause med kaffispeis på kr 20.-
søndag 7. februar 2016
Helg på Oppdal
Oppdal spel og dansarlag inviterte til minnekonsert etter Asbjørn Blikken om fredagskvelden 5. mars og Trønderkappleik laurdag 6. mars - og vi la iveg.
Det vart ein særdeles verdig, hyggeleg og rikhaldig minnekonsert - der Blikken og musikk frå Skjåk var i sentrum. Kappleikslaurdagen var som vanleg variert , og ettersom arrangørane opna gjesteklasse, så slengde vi oss frampå kappleiksgolvet.
Turen heim i minibussen sundag formiddag forsatte i same godstemning. Ferske minner vart delt og vi gler oss til neste gong vi kan vera saman med spel, dans og moro som felles arena.

mandag 25. januar 2016
Dansa jula ut med springleik og springar
Årets danse jula ut den 9. januar vart ei danseførestilling av dei skjeldne.
Sjølv om det var 25 minus, kom folk.
Likt og ulikt i springar og springleik var overskrifta for kvelden.
Tor Stallvik guida oss gjennom dansen,
og dansarar dansa og viste korleis tradisjon var hjå dei.
Fyrst ut var Skjåk, representert ved Helen og Arve Hole.
Deretter kom Lom, representert ved Torgeir Holø og Marit Lyngve
Vågå stilte med eit juniorpar.
Heidal møtte opp med ein minibuss med dansarar. Desse vann trekninga om å vise Heidalsvarianten
Anne Grete Nyseter Bjørgan og Rolf Bjørgan har tradisjon frå Folldal.
Dei laut til pers å vise pols og parhallig og
Springar frå Jostedalen - her Sigrun Vigdal og Morten Vigdal
Nordfjord har to variantar - gamalspringar og den "vanlege" Nordfjordspringaren
Kjartan Naustdal og Aud Sissel Orheim viste båe formane
Utover natta dansa alle - det dogga på glasa og kaldgufsen stod inn gjennom døra - når noko for ut eller inn.
Det var ein gasta gild dansekveld.
Filip de Presno og Jens Lyngve stod for musikken den første halvtimen.
fredag 13. mars 2015
Dans mest mogleg
Kom og
Dette er ein kveld for sosial samværsdans, og vi set dansen kl 19.00.
DEt blir gildt med musikk, Vågå juniorspelmannslag spurte om dei kunne få kome, både for å danse og spela til dans. Vidare har vi Ramstadstrondingane og Kristin og Sigurd til å spele.
Det skal ikkje stå på musikken!
Dette er ein rein dansekveld, Her er det om å gjera å danse mest mogleg.
Det er blir ei kveldsmatpause ved 21-tida og når klokka slår midnatt er dansen til endes for denne gong.
Det kostar 100.- å vera med på kvelden, då er mat og kaffi inkludert.
Eg vil gjerne at du melder deg på med å sende melding eller ringe til 90172366 eller sende epost til randi.rust@gmail.com. Arrangementet er også på Facebook.
Maset om påmelding er på grunn av maten. Det er stor skilnad på å lage mat til 30 og til 90!
Det blir også eit lite gratislotteri.
Vi hadde tilsvarande triveleg dansekveld i Vågå i november, nå skal vi danse oss gode minner på Moar,
DANS MEST MOGLEG
på Moar fredag 20. mars 2015.Dette er ein kveld for sosial samværsdans, og vi set dansen kl 19.00.
DEt blir gildt med musikk, Vågå juniorspelmannslag spurte om dei kunne få kome, både for å danse og spela til dans. Vidare har vi Ramstadstrondingane og Kristin og Sigurd til å spele.
Det skal ikkje stå på musikken!
Dette er ein rein dansekveld, Her er det om å gjera å danse mest mogleg.
Det er blir ei kveldsmatpause ved 21-tida og når klokka slår midnatt er dansen til endes for denne gong.
Det kostar 100.- å vera med på kvelden, då er mat og kaffi inkludert.
Eg vil gjerne at du melder deg på med å sende melding eller ringe til 90172366 eller sende epost til randi.rust@gmail.com. Arrangementet er også på Facebook.
Maset om påmelding er på grunn av maten. Det er stor skilnad på å lage mat til 30 og til 90!
Det blir også eit lite gratislotteri.
Vi hadde tilsvarande triveleg dansekveld i Vågå i november, nå skal vi danse oss gode minner på Moar,
søndag 11. januar 2015
Dansa jula ut
Son vanleg var det fullt då programmet starta, i år "Oslo-dølane". Ola Grøsland er programleiar og han hadde fleire enn ei god historie frå danseliv, kappleiksliv spel og moro på 70-talet.
Tore Jørgen Rødølen hadde med nykkelharpe. Det er fyrst og fremst eit instrument som vi forbitt med Sverige. Ola Grøsland kunne leggje til at det er ei nykkelharpe på bygdatunet på Lesja. Harpa har nok funnest her og.

Reidar Skjelkvåle, Tore Jørgen Rødølen og Per Sæmund Bjørkum
Sjølvsagt var det mat
og kaffi.
Oslodølane var fyrst ut som dansespelmenn, og gamaldans"sviskere" frå 70-talet kom som perler på ei snor
Signe Bakken og Hans Hågå veit å setja pris på god dansemusikk

og det vart ei gild springleikøkt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)