torsdag 1. januar 2015

Oslodølane er med og dansar jula ut

Skjåk spel og dansarlag inviterar nok ein gong til ”Danse jula ut”.  Programmet den 10. januar er bygt opp rundt ”Oslodølane”,   gudbrandsdølar som reiste til Oslo for å studere og å arbeide på 70-talet.  Dei tok med seg tradisjonsmusikken sin, og folkemusikkmiljøet blomstra i byen.
Reidar Skjelkvåle, Per  Sæmund  Bjørkum,  Tore Jørgen Rødølen, Fridjof Sole, Knut Kjøk og  Sevald Bismo kjem til Dønfoss grendehus for gle seg over spelmannsmoro frå tida då ”Oslodølane” skapte liv og røre på dansefestar og kappleiksscener. Dei får selskap av Arnstein Fjerdinggren, brødrene Auale Holsveen og Rikard Skjelkvåle.  Det er duka for ein festkveld, Ola Grøsland skal leie progråret ammet som kjem til å kaste eit ljos bakover, men også sjå framover.

Fyrste gongen Danse jula ut var arrangert var 2003. Den gongen var det ikkje program.  Det vart det fyrst året etterpå da  ”Torø Hyrve” tittelen på programmet. Etter det har program, traktering og dans vore fast innslag i Skjåk den laurdagskvelden som er nærast tjugandagen, for ”Tjugandagsknut dansar jula ut”. 

Ingen kommentarer: