Gjer som Landsfareren, lær deg springleik på ein - to.
Vanlegvis er det ein-to-tre! men med hurtigkurset som vi skal ha tysdag 13. nov og repetisjon tysdagen etter, får du prøvd om dette er noko for deg.
Tor Stallvik kjem og gjev oss grunnleggande info den 13, veka etter er det praksis.
Gratis kurs!
Gjer som Landsfareren - kanskje dette er noko for deg!
arbeider for å ta vare på og å vidareføre tradisjonane våre innan song, spel og dans. Vi er tilknytta FolkOrg
onsdag 7. november 2012
Dans med venner i vest
Tysdags-svetten kallar dei seg, dansarane i Nordfjord som møtest
kvar tysdagskveld i Markane i Stryn.
Tysdag 6. nov reiste vi vestover.
Fjelljom spelte variert dansemusikk
og med ringdansar blir alle med.
Her er det plass til deg og!
Vil du vera med så heng på!
Byttereinlender - då får ein dansa med alle!
Nordfjordvalsen??
Og vi hadde tid til kaffepause med prat og mat på fat.
Då vi reiste heim att, fann vi ut at vi er jammen heldige og rike.
Vi kan reise på dans i Stryn ein kveld midt i veka!
tirsdag 9. oktober 2012
Endeleg i gang att
Turdanser, stod det på danseplaneni kveld 9. oktober. Ingrid forklarte og viste...
Latteren sat laust. Dette er verkeleg lågterskel-moro.
Det går fint når Ingrid kommanderer.
Spørs korleis det blir neste tysdag når vi skal repetere på eiga hand.
torsdag 14. juni 2012
Ingen kil
søndag 13. mai 2012
mandag 30. april 2012
Dansens dag 2012
Skjåk spel og dansarlag markerte dansens dag med å delta under høgmessa i Skjåk kyrkje. Vi blir like glade kvar gong soknepresten vår spør om vi vil vera med.
Vi fekk vera preludium - sju par i bunad dansa vals føre prosesjon med prest, døpsvatn og tre dåpsbarn.
- Å danse er å lede og la seg lede, sa presten. Preika fokuserte på dans og glede før springleiken vart spelt opp av Guro Grimstad dansen gjekk innunder preikestolen.
Dansarane fungerte også som postludium når dei i lett og lysting reinlendertakt svinga seg ut kykjedøra.
Tusne takk til presten vår, Hege Fagemoen som ved fleire høve har invitert oss inn i kyrkjelege handlingar.
Vi fekk vera preludium - sju par i bunad dansa vals føre prosesjon med prest, døpsvatn og tre dåpsbarn.
- Å danse er å lede og la seg lede, sa presten. Preika fokuserte på dans og glede før springleiken vart spelt opp av Guro Grimstad dansen gjekk innunder preikestolen.
Dansarane fungerte også som postludium når dei i lett og lysting reinlendertakt svinga seg ut kykjedøra.
Tusne takk til presten vår, Hege Fagemoen som ved fleire høve har invitert oss inn i kyrkjelege handlingar.
onsdag 18. april 2012
Dansetur til Heidal
Aprilturen vår i år gjekk til Heidals glade dansarar. Her venta det god servering og ikkje minst
Springleik!
Så moro med så mange!
Kom igjen!
MORO!
Ei runde til...
Og vi avslutta med ein fellesvals.
På heimvegen stoppa vi på Fantasihuset på Bjølstadmo. Det vart handel og.
Vi kvinnfolka tinga oss nye skjørt!
søndag 18. mars 2012
Kappleiksglimt
Presis kl 12 Oline Hjeltar og Ragnar Vang "Nørstnesfjoset" , etterpå kom ordførar Rolv Kristen Øygard innpå scenen og ynskte årets Gudbrankdsdalskappleik velkomen til Skjåk. Dermed var vi klare for mange timar med tevling.
Kappleikskafen er klar for innrykk.
God mat og drikke er viktig.
Klare og spente.... om litt er det MOA sin tur til å spele.
Kappleik er å vente på tur.
Det store bokverket til Knut Kjøk som har fått namnet "Slåtte og leikje" vart presentert frå scene og etterpå var det tid for å bla i bøkene og å gjera ein handel.
Dans er ein del av kappleiksprogrammet og
Natalie Lillebråten og Rikard Odnes frå Vågå svinga seg så fint på scenen at dei toppa lista for juniordansarane.

Fjorårsvinnar Bjørg Øyen og Ola Grøsland frå Vågå i fint driv.
Eva Rusten og Håkon Sandum frå Heidal svinga seg til topps.
Mona Grimstad og Kjell Kvålshagen frå Skjåk på veg inn i rundsnuen.
Heidals glade dansarar overbeviste under mønsringa.
Eritrearane som som bur i Skjåk tok utfordringa og synte fram tradisjonsdans frå heimeormådet sitt.
Under lagspeltevlinga var det tid for at alle kunne vera med å danse.
Lom og Skjåk junior bukkar og seier takk for seg for denne gong.
Buskspel høyrer med.
Dansedommararane TRygve Auale, Sigrid Skjelkvåle Aaboen og Turid Paulsrud Solberg studerer hardt på dansarane - oppgåva er å plukke ut kveldens beste masurkapar..
Det var reine "vil du danse" stemninga.
Fotet er frå innleiande runde...
Dagen etterpå var det tid for vask og rydding. Her blir lydisoleringa mellom kappleikskafen og storsalen demontert. Gudbrandsdalskappleiken 2012 er historie,
og alle dugnadsfolk skal ha appåball ved helga som kjem!
fredag 16. mars 2012
Gåvepremier
Mange i Skjåk støtter Gudbrandsdalskappleiken, og vi har fått mange gåvepremier. Synne og Sylfest orda med desse nå i kveld. Premiane kjem frå: Din Frisør, Skjåk, TINE Meierier Lom og Skjåk, Flækøy Ur og Optikk, Coop PRIX Skeimo, Mogard Gradsmat, Per Hagen Røyrleggerbedrift, Skjåk Almenning, Skjåk Interiør AS, PS-Foto, Skjåkmat, Expert Skjåk, ICA Nær, Bismo, Alasso AS, Liens Sykkel og Sport, Helseboden, Stensgård, Felleskjøpet Agri BA, Coop Marked Bruvoll, Ottadalen Installasjon, Skjåk.
Byggern Skjåk, SkjåkTrelast AS og Sparebank 1 Lom og Skjåk har og støtta oss.
Tusen takk for alle gåver og støtte.
Byggern Skjåk, SkjåkTrelast AS og Sparebank 1 Lom og Skjåk har og støtta oss.
Tusen takk for alle gåver og støtte.
onsdag 14. mars 2012
Program, oppdatert
Program Gudbrandsdalskappleiken 2012
11.00 Registrering
starter
12.00 Opning
v/ordførar
12.10 Fele rekrutt
1. Siri
Kvandalsvoll Bøje Lom
spdl
2. Toril Brenna Lom spdl
3. Anna Aasgaard Vågå spdl
4. Britt Irene Mork Lom spdl
5. Mari Øyen Øverli Lom spdl
6. Elise Paulsen Lom spdl
7. Ingebjørg
Hammerdalen Lom spdl
8. Julie Garmo Lom spdl
Vokal rekrutt
1. Synne Stensgård Skjåk spdl
Durspel rekrutt
1. Filip de Presno Skjåk spdl
Solo andre instr. Junior
1. Kjartan Haugen
Foss Lom
spdl
2. Jørn Solbakken Vågå spdl
3. Steinar Odde Lom spdl
Durspel junior
1. Veronica Bakken Skjåk spdl
2. Espen Nicolaisen Lom spdl
3. Jørn Solbakken Vågå spdl
Lagspel junior
1. Sel og Otta
juniorspml
2. Vågå juniorspml
3. Lom og Skjåk
juniorspml
13.30-13.45 PAUSE
Gjesteklasse
Skjåk Songlag
Spel fele, junior
1. Eldri Kolden Lom spdl
2. Julianna Banken Skjåk spdl
3. Sandra Alnes Heidal spdl
4. Astrid Garmo Lom spdl
5. Anna Øihusom Sel og Otta
6. Ragna Steinveg Skjåk
spdl
7. Kjartan Haugen
Foss Lom spdl
8. Amalie Aaseng Heidal spdl
9. Rasmus Kjorstad Harpefoss
spdl
10. Synne Bolstad Lom spdl
11. Veronica Bakken Skjåk spdl
12. Eirik Schjølberg Vågå spdl
13. Aashild Aasgaard Vågå spdl
Vokal junior
1. Eirik Odde Lom spdl
15.00 Knut Kjøk
Boklansering
15.45 Durspel junior,
duett
1. Rikard Odnes og
Jørn Solbakken
Grupper junior
1. Marion, Ingrid,
Susanne
og Oline. Skjåk
spdl
2. MOA Skjåk
spdl
3. Gruppe frå Lom
musikkskule Lom spdl
4. Julianna og
Ragna Skjåk spdl
Durspel senior
1. Arnstein
Fjerdingren Skjåk spdl
2. Øystein
Nicolaisen Lom
spdl
Vokal senior
1. Ola Grøsland Vågå spdl
2. Mari Jøndal
Bjertnæs Vågå spdl
3. Ola Fjeldet Gausdal
spml
Solo andre instr. Senior
1. Andreas Jordhøy Heidal spdl
Grupper senior
1. Eirik og Anders
Schjølberg Vågå spdl
Spel fele senior
1. Nina Fjeldet Gausdal
spml
2. Rikard
Skjelkvåle Skjåk
spdl
3. Bjørn Kåre Odde Lom spdl
4. Hans P. Kjorstad Harpefoss spdl
Gjesteklasse
Langleikslag
frå Gjøvik spml.
17.15 Pardans junior
1. Natalie
Lillebråten og
Rikard Odnes Vågå spdl
2. ElinBeate
Galstad og
Øystein
Stubrud Vågå
spdl
3. Anniken Skanke
og
Rolf Sletten Vågå spdl
Pardans senior
1. Ragnhild og Ola
Vollen Heidal spdl
2. Randi Rust og
Ole Håve Skjåk
spdl
3. Bodil og Oddmar
Steinfinsbø Heidal spdl
4. Bjørd Øien og
Ola Grøsland Vågå spdl
5. Ingebjørg og
Bjørn Sandum Heidal spdl
6. Eva Rusten og
Håkon Sandum Heidal spdl
7. Mona Grimstad og
Kjell
Kvålshagen Skjåk
spdl
8. Kirsten og
Kristen Leirflaten Heidal spdl
19.00 Mønstringsdans/lagdans
1. Heidal spel og dansarlag
2. Vågå spel og
dansarlag
3. Eritreisk
folkegruppe
4. Skjåk spel og
dansarlag
20.00 Gruppespel
1. Navnlaust frå
Lom
Lagspel fele
1. Vågå
Spelmannslag
2. Lom Spelmannslag
21.00 PREMIEUTDELING
22.00 DANS
22.30 G-DANS
23.00 DANSEN FORTSET
01.00 SLUTT….
Vel heim!
torsdag 8. mars 2012
Påmeldingsfristen utvida til og med 11.mars
Vi utvidar påmeldingsfristen til 11. mars.
Lag og gruppespel tevlinga er til dans om kvelden.
Startlista blir utlagt her i løpet av onsdag!
Lag og gruppespel tevlinga er til dans om kvelden.
Startlista blir utlagt her i løpet av onsdag!
tirsdag 6. mars 2012
Boklansering "Slåtte og leikje"
Slåtte og leikje, boka med 1500 leikje og någå attåt blir lansert på Gudbrandsdalskappleiken.
Knut Kjøk som er mannen bak boka kjem og kl 15.00 blir det pause i tevlingane slik at han kan fortelja litt om storarbeidet som ligg bak. Sjå meir her
Knut Kjøk som er mannen bak boka kjem og kl 15.00 blir det pause i tevlingane slik at han kan fortelja litt om storarbeidet som ligg bak. Sjå meir her
søndag 4. mars 2012
søndag 26. februar 2012
Polstur
Vi har hatt polskurs i vinter, før jul var Tor Stallvik i Nordbergskulen og gjorde sitt beste for å lære oss pols.
Vi vart så modige at vi bestemde oss for polstur til Rørosmartnan
Laurdag 25. febr starta vi frå Bismo med minibuss.
Målet var dagdansen i Sangerhuset på Røros.
Og slik gjekk det - vi fekk praktisert skikkeleg -
og Dalakopa var på scenen med drivande dansespel.
Vi tok oss tid til å sjå og oppleve martnadstimen i gata og
inne i gardan.
Så vart det tid for middag og stemning på Kaffestugu før vi reiste heim.
Og prata om det vi hadde opplevd og planla så smått neste matnadstur.
Men da skal vi ordne oss slik at vi får med oss nattdansen og!
fredag 24. februar 2012
Kappleiksmenyen er klar
Klokka 11.00 er kappleikskafeen i Marlo grendahus open.
Sjøl om kappleiken byrjar kl 12.laudag den 17. mars, så kan det vera godt med kaffi og biteti når ein kjem fram.
Det blir i alle fall kveitkaku med Millom-ost, rumbrød og smurde mørlefser å få kjøpt
Kaffi, te og brus.
Utpå dagen blir det middagsal. Her kan du velje i Skjåk-suppe med rundstykke attåt, mårr med lauk og potet eller rummgraut.
Pølse er til sals heile dagen, på kvelden blir det også kjøtkake på gaffel å få kjøpt.
Øl og vin
Sjøl om kappleiken byrjar kl 12.laudag den 17. mars, så kan det vera godt med kaffi og biteti når ein kjem fram.
Det blir i alle fall kveitkaku med Millom-ost, rumbrød og smurde mørlefser å få kjøpt
Kaffi, te og brus.
Utpå dagen blir det middagsal. Her kan du velje i Skjåk-suppe med rundstykke attåt, mårr med lauk og potet eller rummgraut.
Pølse er til sals heile dagen, på kvelden blir det også kjøtkake på gaffel å få kjøpt.
Øl og vin
torsdag 16. februar 2012
Premiedugnad
Lom og Skjåk juniorspelmannslag hadde dugnad i kveld, dei var med å dekorer det som skal bli deltakarpremier på Gudbrandsdalskappleiken 2012. Då gjeld det å vera stø på handa og jobbe nøye..
Solid innsats frå unge utøvarar og støtteapperatet rundt!
Moro!
Mange her
Mange der...
Solid innsats frå unge utøvarar og støtteapperatet rundt!
Moro!
Mange her
Mange der...
Abonner på:
Innlegg (Atom)