torsdag 22. mai 2008

Årsmelding 2007

Styret har i år vore samansett slik:
Randi Rust leiar
Marianne Stensgård
Solveig Bræk
Kjell Kvålshagen økonomi
Rikard Skjelkvåle
Ole Håve vararepresentant
Hans Hågå - spelmannslags representant

www.skjakspelogdans.blogspot.com


Vi kan sjå attende på eit aktivt år - som byrja med ” Å danse jula ut” i Dønfoss Grendehus.. Programmet om kvelden var spunne rundt livet til Emil Bruheim. Ivar Teigum var programleiar for eit rikt program framfor ein fullsett sal.

Der etter var det ”Birkebeinardans” på TV 2 der vi dansa deltakarane velkomne til gards på Andvord. Nokre av oss vart med som ”danselærarar” saman med Tor Stallvik.. Mange av oss vart med som dansepublikum under liveopptak då Bjørn Turtums gamaldansorkester skulle spela inn ny CD i samband med bukkeball i Bøverdalen.
Vi var også i Bøverdalen på minnekonsert etter Sigurd Eggen.
10. mars var det Gudbrandsdalskappleik i Heidal og ei ugløymeleg helg, spesielt for dei i laget som spleisa på ein minibuss.
Ragnar Vang vann klassa spel, best over 50 og fekk napp i vandrefatet.
Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdinggren, Helen Hole og Arve Hole og Randi Rust og Trygve Auale deltok i kappdansing. Skjåk stilte lag i dansemønstringa og vi hadde mange par med i G-dans tevlinga.



Å danse springleik i kyrkja hadde ingen av oss gjort før i år. Soknepresten vår, Hege Fagermoen, inviterte til å markere ”Dansens dag” den 29. april. Da valsa vi inn, dansa springleik midt under preikestolen og reinlender ut etter messa. Tusen takk for at vi fekk vera med.


I mai skipa vi til kyrkjekonsert i Nordberg kyrkje med Jorun Marie Rypdal Kvernberg og Øyvind Sandum. Ein vakker vårkveld for dei 44 som fann vegen til kyrkja. Underskotgarantien frå kommunen var god å ha.
Ein slik garanti var gull verd for oss etter ”Ståk i Skjåk” om St.Hans helga. Eit usedvanleg ufysele regnver og kald ækt gjorde at Lomsk i Gamleheimstrædet vart ei miserabel økonomisk affære. Takk og pris for underskotsgarantien .

Mogard tok hand om sal av pølse og drikke denne kvelden. Laget stilte med grillmannskap og fekk ein økonomisk kompensasjon frå Mogarden for dette.
I juni var Mona og Kjell og Helen og Arve saman med spelmann Arnstein Fjerdinggren på Elveseter og underheldt gjestane.

Landskappleiken gjekk av stabelen på Gjeilo og Landsfestivalen i Vågå. Under Landsfestivalen i Vågå var det nokre frå Skjåk som deltok som frivillige, og på den måten skaffa seg kunnskap om det som skal skje i Bismo sommaren 2008.

Vi deltok i år som i fjor under olskokfeiringa i Lom. Mange stilte opp for laget og det oppdraget vi har der. I år fekk laget kr 5000.- for å vera med som gjestebodshop under Peer Gynt i Presthaugen.

I oktober skipa vi til, i samarbeid med Mogard ”medan vi venter på Landsfestivalen”. Landsfestivalvinnarane frå i år: Nordafjells, hadde konsert. Dessverre var det ikkje så mange som kom, slik at avtala om å spela for inngangsbilleten berga økonomien denne kvelden. Vi hadde utgifter berre på litt annonsering og plakatar.



Vi har hatt dansekveldar på Nordberg skule både om våren og om hausten. Det plar å vera mellom 12 – 22 personar, så det er plass for fleire. Ole har gjort ein kjempegod jobb med å skaffe musikk kvar kveld. Det er meir moro å danse når oss har levande spelmann.
Øvingskveldane har alltid ei triveleg (og nødvendig) kaffipause.


Elles har vi sponsa dansedagen på ungdomsskulen med instruktør og spelmann. Svært godt og populært tiltak. Tor Stallvik og Hans Hågå gjorde ein utmerka jobb, dei lærer bort grunnprinsippa i masurka på 20 minutt.

Styret har hatt 4 styremøte og handsama 29 saker. Vi har 61 medlemar.


Sentralen 6. januar 2008
Randi Rust

Ingen kommentarer: