fredag 10. august 2007

Gamaldans i radioen

TOP 8 er musikkprogrammet til NRK Hedmark og Oppland (HedOpp-radioen). Frå tid til anna så er det med gamaldans og folkemusikk som vi lyarane kan stemme inn på lista. Nå for tida er Bjørn Turtums Gamaldansorkester (http://www.turtums.no/ ) med på lista ( 2.plass sist torsdag). Vi vil gjerne musikken "vår" på radio. Derfor må vi vera med og stemme. Fylg med i radioen for å høyre kva tal du skal sende HOT til, og da, før, og under sending, når "vår" melodi blir spelt, eller ringe 81 55 03 60 så mange ganger du vil, i løpet av 2 min. og 30 sekunder.

Ein annan måte å få gamaldans og folkemusikk i HedOppradioen er å sende inn gratulasjonshelsingar til slekt, venner og kjente. Skriv på kva du vil ha som musikk. Forklar gjerne kva CDen heiter og kva spor du vil høyre.

1 kommentar:

Bjørn sa...

Flott at du "følgjer oss opp",Randi!
Men i uke 33 er det viktig at dei som vil stemma fram oss sender HOT 2 til 1987.(ikkje HOT 8 denne gongen)
Håpar at dykk høyrer på NRK Hedm./Oppl. mellom kl.11 og 12 kvar torsdag!

Bjørn Turtum