lørdag 12. januar 2013

Danse jula ut

Så er denne jula til endes og-  laurdagskveld 12. januar dansa vi nok ein ut jula.
Fyrst hadde vi program om spelmannen Torkjell Auale.  Det er 150 år sia han var fødd.
 Det var kaker med krem...

 Mykje god prat  og gild mat. Det skal vera skikkeleg traktering når vi dansar ut jula!


onsdag 9. januar 2013

Danse jula ut

Nok ein gong er det tid for å avslutte julehøgtida og  og danse jula ut.
I år som tidlegare skjer dette i  Dønfoss grendehus laurdag 12.01.13.
Vi opnar dørene kl 18.30  og presis kl 19.30 byrjar programmet.
I år er programmet knytt til spelmannen Torkjell Auale.  Det er 150 år sia han var fødd.
Mange av utøvarane under konserten er etterkomarar av Auale`n.
i tillegg deltek spelmenn frå bygda, frå Lom og frå Stryn.
Vokal, fele og trekkspelmusikk.
Dansespelinga blir tradisjonelt dugnadsspeling pluss Dalakara.
For medlemar kostar billetten kr 50.-   Andre betaler kr.150.-
Dei som har med sending går gratis.



onsdag 7. november 2012

Gjer som Landsfararen

Gjer som Landsfareren,  lær deg springleik på ein  - to.  
Vanlegvis er det ein-to-tre! men med hurtigkurset som vi skal ha tysdag 13. nov og repetisjon tysdagen etter,  får du prøvd om dette er noko for deg.
Tor Stallvik kjem og gjev oss grunnleggande info den 13,  veka etter er det praksis.
Gratis kurs!

Gjer som Landsfareren   -  kanskje dette er noko for deg!

Dans med venner i vest



Tysdags-svetten kallar dei seg,  dansarane i Nordfjord som møtest 
kvar tysdagskveld i Markane i Stryn.
Tysdag 6. nov reiste vi vestover.
 Fjelljom spelte variert dansemusikk
 og med ringdansar blir alle med.
 Her er det plass til deg og!
 Vil du vera med så heng på!
 Byttereinlender  -  då får ein dansa med alle!
 Nordfjordvalsen??

Og vi hadde tid til kaffepause med prat og mat på fat. 
Då vi reiste heim att,  fann vi ut at vi er jammen heldige og rike.  
Vi kan reise på dans i Stryn ein kveld midt i veka!

tirsdag 9. oktober 2012

Endeleg i gang att

 Turdanser, stod det på danseplaneni kveld 9. oktober.  Ingrid forklarte og viste...
 Latteren sat laust. Dette er verkeleg lågterskel-moro.
Det går fint når Ingrid kommanderer.
Spørs korleis det blir neste tysdag når vi skal repetere på eiga hand. 

torsdag 14. juni 2012

Ingen kil

Vi bestemde oss for å avlyse kilkastinga i år.  Det var ikkje så mange som hadde høve til å kaste  -  og så er det meste av kilkasteområdet nysådd.  Vi kjem sterkare att når graset har grodd!