torsdag 16. februar 2012

Stipend til Veronica

Skjåk Spel og Dansarlag har eit oppretta eit stipend sist år. Fyrste person som fekk dette,  er Veronica  Bakken.  Ho trakterer både durspel og fele, og ho kvitterte med ein reinlender til årsmøtelyden.
Det står i statuttane at stipendet blir utdelt på årsmøtet til laget.

mandag 23. januar 2012

Årsmøte

Tysdag 7.februar, Nordberg skule

søndag 15. januar 2012

Staskveld i Dønfoss Grendehus

Denne gongen var det dei unge som skapte ein gild konsert i Dønfoss grendehus. 
 Soloprestasjonar, gruppespel og lagspel synte fram at folkemusikken har framtid.
 Marius Hauge Flatmo med solo torader.
 10 år gamle Oline Hjeltar går i lære hjå Ragnar Vang.  
Det er 70 år mellom dei  - og gjennom spel og grannelag finn dei saman.   
Oline har spelt eit år og Nørstnesfjoset gjekk strålande for dei to,  lærar og elev.
 Kjartan, Espen og Mari,  gruppe frå Lom.   Dette er gamaldansmusikk å blir glad av. 
 Even Offerdal Bakken  -  det er gut som kan traktere torader.
 Kjartan Foss slo til med både Sorperoen og Heringstadhallingen.
 Unge og glade, klar for å bera tradisjonsmusikken vidare.
Fremst frå v: Marius Hauge Flatmo, Efen Offerdal Bakken, Synne Stensgård Fjerdingren, Mari Lindsheim 2. rad: Julianna Banken, Ragna Steinveg, Oline Hjeltar, Andrea Yttre,og Kjartan Foss Bak: Guro Grimstad, Live Randen, Ole Morten Blankenborg, Sigrid Skjelkvåle Aaboen, Sigrun  Flækken, Ragnhild Marie Kjosbakken og Oda Stensgård Fjerdingren
 Vokaltradisjon har ei  stor framtid med Synne Stensgård Fjerdinggren og Mari Lindsheim.
 Servering  -  resten av julematen må etast opp når jula skal dansast ut.
Lom og Skjåk juniorspelmannslag er klare for fyrste leiken!
Nok ein suksesskveld med å danse jula ut.
















mandag 2. januar 2012

Danse jula ut

I år som tidlegare år vil vi danse ut jula i Dønfoss grendehus
Laurdag 14. januar 
Presis kl. 19.30 byrjar konserten.  
Denne kvelden er det framtidas tradisjonsbærarar 
som står på scenen.  
Unge utøvarar frå Lom og Skjåk innan spel og vokal tradisjon. 


Etter konserten er det tid for servering, innan vi svingar oss i dansen.  

Inngang kr 150.-,  medlemar kr 50.-
Du som har med "mat på fat",  altså sending, går gratis.

Dansemusikk av bl.a.  Lom og Skjåk juniorspelmannslag,
 Lom Spelmannslag og Nordberg Tvauraderlag


Dørene åpnes kl 1900. Alle er VELKOMNE!
Sal av øl og brus

søndag 20. november 2011

Bowling 1. desember

Vågå spel og dansarlag har bede inn laga i Skjåk, Lom og Sel/Otta til ein bowling, prat og dans torsdag 1. desember  kl 19.00.  Trivele!  Kven blir det beste bowling-laget?   Det kan bli Vågå, ettersom dei er på heimebane!
Dersom mange av lagsmedlemane i Skjåk som vil vera med sepå Bowling i Vågå denne kvelden,  leiger vi minibuss!  Meld frå til Sylfest eller Randi.  Avreise fra Statoli i Bismo kl 1800

Kulturkvelden den 11.11.11

 Her er fotoglimt frå kulturkvelden,  Fotoet kjem frå Bråtåliv.  På den nettstaden  kan du lesa meir om kvelden. Det er berre å klikke på den lilla skrifta.

torsdag 3. november 2011

Stemning i Nordberg kyrkje

Frå venstre; Einar Lian Bjørgum,  Ingrid Lian Bjørgum og Øyvind Sandum
Gruppa kallar seg "Sol i Skuggeskog" og sist laurdag hadde dei konsert i Nordberg kyrkje.  Reportoaret deira kom frå "Sol i Skuggeskog"  ei diktsamling som Finn Sandum har skrivi. Han lånte bort diktsamlinga si til Øyvind Sandum.  Han har saman med Einar-Lian Bjørgum frå Oppdal laga toner til dikta.

Sist laurdag var det duka for konsert i Nordberg kyrkje der nær hundre frammøtte fekk ein fin konsertkveld.
Musikken som var laga til dikta var tufta på folkemusikken.  Med vakker musikk og flotte dikt vart dette ein kveld av dei skjeldne.