onsdag 10. februar 2010

Årsmøte

Minner om årsmøtet i laget. Det er 16.februar på Nordberg skule. Alle medlemane har fått tilsendt innkalling og årsmelding. Når årsmøtet er ferdig, blir det videoglimt fra moro som laget har vore med på. Vel møtt.

Lom og Skjåk juniorspelmannslag


Nå er juniorlaget på youtube - og har eiga gruppe på fjesboka.
Dette lovar godt for framtida

mandag 18. januar 2010

Dans og trim

Godt nyttår og velkomen til danseøving og moro i gymsalen på Nordberg skule. Vi byrjar vårdansen 19. januar kl 20.00. Det blir springleik, runddans og ikkje minst kaffipause.
Kr 20.- pr. kveld ( kaffispleis).
Alle velkomne

mandag 4. januar 2010

Danse jula ut avlyst

Styret har bestemt å avlyse "danse jula ut" i Dønfoss Grendehus den 9. januar. Grunnen er brannen i Nordberg som fekk så fatale følgjer.

onsdag 23. desember 2009

God jul

Skjåk spel og dansarlag ynskjer alle ei god og fredeleg julehelg og eit godt nytt år.
Vi dansar jula ut den 9. januar 2010 i Dønfoss grendehus.
I år er konserten knytt til spelmannen Jo Kolstadløkken.

fredag 11. desember 2009

Førjulsbowling

Vågå spel og dansarlag inviterte til førjulsbowling på Vågå Bowling.
Dette takka vi med glede ja til, og ein fullstappa minibuss pluss ein personbil med fire i, møtte opp til vennskapleg kamp -- det vart retteleg kappleiking med bowling.
Viktig å finne rette kula...
Dette blir bra!
Fin stil!
Ivrig studering på resultatliste...
Seriøs innsats frå Vågå!
Dette er moro - det er noko som kallast nybyrjarflaks!
Glad vinnar, ikkje av bowling! men etter solid innsats ved kjøp av lodd- og vinnarlodd.
Vi kjem gjerne att- men då må vi bowle mindre og danse meir!

onsdag 2. desember 2009

Siste danseøving i år...

Dansestøvet legg seg grått over golvet, og ettersom vi får bruke gymsalen på Nordberg skule vederlangsfritt, skulle det berre mangle at vi ikkje gjer ein innsats for å fjerne støvet etter oss. Svabre golvet etter endt danseøkt er også ein del av friviljugt arbeid!

Hausten har gått med til springleikkurs og siste dansekvelden før jul var mengdetrening. Her går det unna!!