mandag 31. mai 2010

Kaste kil konkurranse

Nå er det øyeblikkeleg den store kaste på kil konkurransa mellom spel og dansarlaga i Vågå, Lom og Skjåk. Kilsetta er ferdige og medlemane i dei tre laga er inviterte til medlemsmoro på Søre Haugen i Skjåk fredag 4. juni. Tevlingane tek til 19. 30 og gjeldande reglement vil bli oppslege på ein vegg.

Om du ikkje vil vera med på dette, så er det mogleg å få prøvd dansegolvet i lyu. Heilt nylagt, siste golvplata smatt på plass i kveld.

Skjåk spel og dansarlag ynskjer at mange medlemar blir med på moroa!

Vi i Skjåk legg pølser på grillen - det er fint om du tek med drikke sjøl.

Men kaffi skal det bli!

Ingen kommentarer: