onsdag 10. februar 2016

Folkemusikkstipendet 2015

Toradertalenta Filip Garcia de Presno og Jens Lygve vart tildelt Folemusikkstipendet 2015 på årsmøtet vårt som vi hadde den 9. februar.

Springleik

Springleik den 16. februar.  Vi øver grunnsteg, inngang i rundsnu og rundsnu.
Vi skal danse litt reinlender, vals, skotsk og masurka og.
Alle vel møtt,  Kristin og Sigurd spelar.
Som vanleg er det kaffipause med kaffispeis på kr 20.-

søndag 7. februar 2016

Helg på Oppdal

Oppdal spel og dansarlag inviterte til minnekonsert etter Asbjørn Blikken om fredagskvelden 5. mars og Trønderkappleik laurdag 6. mars -  og vi la iveg.
Det vart ein særdeles verdig, hyggeleg og rikhaldig minnekonsert  -  der Blikken og musikk frå Skjåk var i sentrum.  Kappleikslaurdagen  var som vanleg variert , og ettersom arrangørane opna gjesteklasse,  så slengde vi oss frampå kappleiksgolvet.

Turen heim i minibussen sundag formiddag forsatte i same godstemning.  Ferske minner vart delt og vi gler oss til neste gong vi kan vera saman med spel, dans og moro som felles arena.