onsdag 15. januar 2020

Skotårsdans på Moar




Hausten 2019 hadde vi dansekveldar på Moar grendehus som vi kalla "Møle på Moar".  Nå feirar vi skotårsdagen med dans.  Vi tek til kl 20, da er teatergruppa til UL Fram på plass på scena! Dei har lova oss glimt frå reportoaret deira. 
Lom Toradergruppe spelar til dans. 
Moar grendehus sel mat, kaffi og brus. 
Vi har bestemt oss for ein dansekveld der unge også har plass på dansegolvet,  aldergrensa er 15 år. 
Trivelskveld for alle aldrar,  og du  treng ikkje danse for å kome,  det er alltid triveleg å høyre på musikk og prate med folk. 
Kl 24 er det slutt.  Da er skot-årsdagen til endes og 1. mars og klomånaden tek til.





Dansa jula ut med unge krefter

Som vanleg markerte vi Tjugandag Jul med å danse jula ut i Dønfoss grendehus. 
Programmet denne gongen var samansett av unge utøvarar som varta opp med å traktere torader, fele, vokal og dans.
Etter eit dugeleg matbord var det tid for dans. 
Lom Toradergruppe spelte,  likeså Lom Juniorspelmannslag og Astrid Sulheim slo til med ei skikkeleg springleikkule. 
Dansen gjekk lystig,  og alle dei unge utøvarane er også glade i å danse. 
Dansegolvet var verkeleg miksa av glade folk i alle aldre!