tirsdag 30. desember 2014

Juldans hjå Heidals glade dansarar

Dansevenner finst i aust også og vi fekk hyggeleg invitasjon frå Heidals glade dansarar til juledans 16. desember. Vi fylte minibussen og la i veg til nok ei gild danseøkt og mykje traktering. Her også gløymde eg å fotografere det gilde matbodet,  dei kan kunsta å ha gjester i Heidalen.

Meisterkonsert i Operaen


 Vi tinga oss 21 billettar til den store meisterkonserten som skulle vera i Operaen
i Oslo 23. november.

Her var vinnarane frå årets Landskappleik og Landsfestival samla.

Vi fylte første rada i parkett.  Her er vi på veg ut og heim.
Det vart seine natta, nesten morgo før vi var heime att i Skjåk, vi som drog på direkten.  Dei fleste overnatta,  andre tok nattoget til Otta der bilen venta.

Dans skapar vennskap

 Siste fredag i okober venta vi gjester frå vest,  klokka sju svinga ein 45 setersbuss inntil Moar.  Det var dansegjengen frå Markane i Stryn.
 Dansen gjekk lystig
Vi dansa oss glade og kjeie
så kjeie at eg gløymde å ta bilde av det store "mat på fat" bordet som vestlandsbesøket varta opp med. 
Ja , dei hadde med mat,  vi kokte kaffi



Sjokoladekappleik

I samband med "Hausttakk" ei handelshelg i Skjåk,  skipa vi til Sjokoladekappleik.  Neste år skal vi leggje meir arbeid i annonsering av arrangementet slik at fleire tek sjansen å går på scena.  Jonas Lyngve torde,  det gjorde
denne trioen her og,  Idunn, Ane Eling og Marte song "Bæ bæ lille lam".
Vi hadde i alle høve stort publikum.

tirsdag 11. mars 2014

Besøk av glade dansarar frå Heidalen

Tjo og hei og stor danseglede i gymsalen på Nordberg skule i kveld.  Heidals glade dansarar kom på besøk til oss.  Kristin og Sigurd spelte og vi andre dansa! Vi tok oss tid til kaffipause med mat og prat. Takk for besøket, og vi skal sjølsagt til Heidalen 5. april.  Da er det Gudbrandsdalskappleik.

mandag 27. januar 2014

Også GD

GD var også på plass då vi dansa jula ut.  Kjetil Sandviken fotograferte heile kvelden,  det resulterte i ein fotoserie som du finn når du trykkjer HER

mandag 13. januar 2014

Æresmedlem

Klikk på Fjuken
da ser du kva Fjuken skreiv.