søndag 26. februar 2012

Polstur

 Vi har hatt polskurs i vinter,  før jul var Tor Stallvik i Nordbergskulen og gjorde sitt beste for å lære oss pols.  
Vi vart så modige at vi bestemde oss for polstur til Rørosmartnan  
Laurdag 25. febr starta vi frå  Bismo med minibuss.  
Målet var dagdansen i Sangerhuset på Røros.
Og slik gjekk det  -  vi fekk praktisert skikkeleg -  
og Dalakopa var på scenen med drivande dansespel.
 Vi tok oss tid til å sjå og oppleve martnadstimen i gata og 
 inne i gardan.
Så vart det tid for middag og stemning på Kaffestugu før vi reiste heim. 
Og prata om det vi hadde opplevd og planla så smått neste matnadstur. 
 Men da skal vi ordne oss slik at vi får med oss nattdansen og!

fredag 24. februar 2012

Kappleiksmenyen er klar

Klokka 11.00 er kappleikskafeen i Marlo grendahus open.
Sjøl om kappleiken byrjar kl 12.laudag den 17. mars,  så kan det vera godt med kaffi og biteti når ein kjem fram.
Det blir i alle fall kveitkaku med Millom-ost,  rumbrød og  smurde mørlefser å få kjøpt
 Kaffi, te og brus.

Utpå dagen blir det middagsal.  Her kan du velje i Skjåk-suppe med rundstykke attåt,  mårr med lauk og potet eller rummgraut.

Pølse er til sals heile dagen,  på kvelden blir det også kjøtkake på gaffel å få kjøpt.
Øl og vin

torsdag 16. februar 2012

Premiedugnad

 Lom og Skjåk juniorspelmannslag hadde dugnad i kveld,  dei var med å dekorer det som skal bli deltakarpremier på Gudbrandsdalskappleiken 2012.  Då gjeld det å vera stø på handa og jobbe nøye..
 Solid innsats frå unge utøvarar og støtteapperatet rundt!
 Moro!
 Mange her
Mange der...

Stipend til Veronica

Skjåk Spel og Dansarlag har eit oppretta eit stipend sist år. Fyrste person som fekk dette,  er Veronica  Bakken.  Ho trakterer både durspel og fele, og ho kvitterte med ein reinlender til årsmøtelyden.
Det står i statuttane at stipendet blir utdelt på årsmøtet til laget.