onsdag 7. november 2012

Gjer som Landsfararen

Gjer som Landsfareren,  lær deg springleik på ein  - to.  
Vanlegvis er det ein-to-tre! men med hurtigkurset som vi skal ha tysdag 13. nov og repetisjon tysdagen etter,  får du prøvd om dette er noko for deg.
Tor Stallvik kjem og gjev oss grunnleggande info den 13,  veka etter er det praksis.
Gratis kurs!

Gjer som Landsfareren   -  kanskje dette er noko for deg!

Dans med venner i vest



Tysdags-svetten kallar dei seg,  dansarane i Nordfjord som møtest 
kvar tysdagskveld i Markane i Stryn.
Tysdag 6. nov reiste vi vestover.
 Fjelljom spelte variert dansemusikk
 og med ringdansar blir alle med.
 Her er det plass til deg og!
 Vil du vera med så heng på!
 Byttereinlender  -  då får ein dansa med alle!
 Nordfjordvalsen??

Og vi hadde tid til kaffepause med prat og mat på fat. 
Då vi reiste heim att,  fann vi ut at vi er jammen heldige og rike.  
Vi kan reise på dans i Stryn ein kveld midt i veka!

tirsdag 9. oktober 2012

Endeleg i gang att

 Turdanser, stod det på danseplaneni kveld 9. oktober.  Ingrid forklarte og viste...
 Latteren sat laust. Dette er verkeleg lågterskel-moro.
Det går fint når Ingrid kommanderer.
Spørs korleis det blir neste tysdag når vi skal repetere på eiga hand. 

torsdag 14. juni 2012

Ingen kil

Vi bestemde oss for å avlyse kilkastinga i år.  Det var ikkje så mange som hadde høve til å kaste  -  og så er det meste av kilkasteområdet nysådd.  Vi kjem sterkare att når graset har grodd!

mandag 30. april 2012

Dansens dag 2012

Skjåk spel og dansarlag markerte dansens dag med å delta under høgmessa i Skjåk kyrkje.  Vi blir like glade kvar gong soknepresten vår spør om vi vil vera med.
Vi fekk vera preludium  -  sju par i bunad dansa vals føre prosesjon med prest, døpsvatn og  tre dåpsbarn.
-  Å danse er å lede og la seg lede, sa presten.  Preika fokuserte på dans og glede før springleiken vart spelt opp av Guro Grimstad dansen gjekk innunder preikestolen.
Dansarane fungerte også som postludium når dei i lett og lysting reinlendertakt svinga seg ut kykjedøra.
Tusne takk til presten vår, Hege Fagemoen som ved fleire høve har invitert oss inn i kyrkjelege handlingar.

onsdag 18. april 2012

Dansetur til Heidal

 Aprilturen vår i år gjekk til Heidals glade dansarar.  Her venta det god servering og ikkje minst
 Springleik!
 Så moro med så mange!
 Kom igjen!
 MORO!
 Ei runde til...
Og vi avslutta med ein fellesvals. 
På heimvegen stoppa vi på Fantasihuset på Bjølstadmo.  Det vart handel og. 
 Vi kvinnfolka tinga oss nye skjørt!

søndag 18. mars 2012

Kappleiksglimt

Presis kl 12  Oline Hjeltar og Ragnar Vang  "Nørstnesfjoset" ,  etterpå kom ordførar Rolv Kristen Øygard innpå scenen og  ynskte årets Gudbrankdsdalskappleik velkomen til Skjåk. Dermed var vi klare for mange timar med tevling.
Kappleikskafen er klar for innrykk.
God mat og drikke er viktig.
 Klare og spente.... om litt er det MOA sin tur til å spele.
 Kappleik er å vente på tur.
 Det store bokverket til Knut Kjøk som har fått namnet  "Slåtte og leikje" vart presentert frå scene og etterpå var det tid for å bla i bøkene og  å gjera ein handel.
Dans er ein del av kappleiksprogrammet og 
Natalie Lillebråten og Rikard Odnes frå Vågå svinga seg så fint på scenen at dei  toppa lista for juniordansarane.
Fjorårsvinnar Bjørg Øyen og Ola Grøsland frå Vågå i fint driv.
 Eva Rusten og Håkon Sandum frå Heidal svinga seg til topps.
 Mona Grimstad og Kjell Kvålshagen frå Skjåk på veg inn i rundsnuen.
 Heidals glade dansarar overbeviste under mønsringa.
 Eritrearane som som bur i Skjåk tok utfordringa og synte fram tradisjonsdans frå heimeormådet sitt.
 Under lagspeltevlinga var det tid for at alle kunne vera med å danse.
 Lom og Skjåk junior bukkar og seier takk for seg for denne gong.
Buskspel høyrer med.
 Dansedommararane TRygve Auale, Sigrid Skjelkvåle Aaboen og Turid Paulsrud Solberg studerer hardt på dansarane -  oppgåva er å plukke ut kveldens beste masurkapar..
 Det var reine "vil du danse" stemninga.
Fotet er frå innleiande runde...
Dagen etterpå var det tid for vask og rydding.  Her blir lydisoleringa mellom kappleikskafen og storsalen demontert.  Gudbrandsdalskappleiken  2012 er historie,
og alle dugnadsfolk skal ha appåball ved helga som kjem!

fredag 16. mars 2012

Gåvepremier

Mange i Skjåk støtter Gudbrandsdalskappleiken, og vi har fått mange gåvepremier. Synne og Sylfest orda med  desse nå i kveld.  Premiane kjem frå:  Din Frisør, Skjåk,  TINE Meierier Lom og Skjåk,  Flækøy Ur og Optikk, Coop PRIX Skeimo,  Mogard Gradsmat,  Per Hagen Røyrleggerbedrift,  Skjåk Almenning, Skjåk Interiør  AS, PS-Foto, Skjåkmat, Expert Skjåk, ICA Nær, Bismo,  Alasso AS, Liens Sykkel  og Sport,  Helseboden, Stensgård, Felleskjøpet Agri BA, Coop Marked Bruvoll, Ottadalen Installasjon, Skjåk.
Byggern Skjåk, SkjåkTrelast AS og Sparebank 1 Lom og Skjåk har og støtta oss.
Tusen takk for alle gåver og støtte.

onsdag 14. mars 2012

Program, oppdatert


Program Gudbrandsdalskappleiken 2012

11.00   Registrering starter

12.00   Opning v/ordførar

12.10   Fele rekrutt
1.            Siri Kvandalsvoll Bøje                    Lom spdl
2.            Toril Brenna                                   Lom spdl
3.            Anna Aasgaard                               Vågå spdl
4.            Britt Irene Mork                              Lom spdl
5.            Mari Øyen Øverli                            Lom spdl
6.            Elise Paulsen                                    Lom spdl
7.            Ingebjørg Hammerdalen                   Lom spdl
8.            Julie Garmo                                       Lom spdl

                Vokal rekrutt
1.            Synne Stensgård                             Skjåk spdl

                Durspel rekrutt
1.            Filip de Presno                                 Skjåk spdl

                Solo andre instr. Junior
1.            Kjartan Haugen Foss                      Lom spdl
2.            Jørn Solbakken                                Vågå spdl
3.            Steinar Odde                                    Lom spdl

                Durspel junior
1.            Veronica Bakken                             Skjåk spdl
2.            Espen Nicolaisen                             Lom spdl
3.            Jørn Solbakken                                Vågå spdl

                Lagspel junior
1.            Sel og Otta juniorspml
2.            Vågå juniorspml
3.            Lom og Skjåk juniorspml


13.30-13.45 PAUSE

                Gjesteklasse
                Skjåk Songlag

              

                Spel fele, junior
1.            Eldri Kolden                                       Lom spdl
2.            Julianna Banken                              Skjåk spdl
3.            Sandra Alnes                                    Heidal spdl
4.            Astrid Garmo                                    Lom spdl
5.            Anna Øihusom                                 Sel og Otta
6.            Ragna Steinveg                                  Skjåk spdl
7.            Kjartan Haugen Foss                     Lom spdl
8.            Amalie Aaseng                                 Heidal spdl
9.            Rasmus Kjorstad                             Harpefoss spdl
10.          Synne Bolstad                                  Lom spdl
11.          Veronica Bakken                             Skjåk spdl
12.          Eirik Schjølberg                                Vågå spdl
13.          Aashild Aasgaard                            Vågå spdl


                Vokal junior
1.            Eirik Odde                                          Lom spdl

15.00   Knut Kjøk
            Boklansering

15.45   Durspel junior, duett
1.            Rikard Odnes og
                Jørn Solbakken

Grupper junior
1.            Marion, Ingrid, Susanne
                og Oline.                                             Skjåk spdl
2.            MOA                                                    Skjåk spdl
3.            Gruppe frå Lom musikkskule     Lom spdl
4.            Julianna og Ragna                           Skjåk spdl

                Durspel senior
1.            Arnstein Fjerdingren                     Skjåk spdl
2.            Øystein Nicolaisen                         Lom spdl

                Vokal senior
1.            Ola Grøsland                                     Vågå spdl
2.            Mari Jøndal Bjertnæs                    Vågå spdl
3.            Ola Fjeldet                                         Gausdal spml

                Solo andre instr. Senior
1.            Andreas Jordhøy                            Heidal spdl

                Grupper senior
1.            Eirik og Anders Schjølberg          Vågå spdl
               
               

Spel  fele senior
1.            Nina Fjeldet                                      Gausdal spml
2.            Rikard Skjelkvåle                             Skjåk spdl
3.            Bjørn Kåre Odde                             Lom spdl
4.            Hans P. Kjorstad                              Harpefoss spdl

               
               
                Gjesteklasse
                Langleikslag frå Gjøvik spml.

17.15    Pardans junior
1.            Natalie Lillebråten og
                Rikard Odnes                                    Vågå spdl
2.            ElinBeate Galstad og
                Øystein Stubrud                              Vågå spdl
3.            Anniken Skanke og
                Rolf Sletten                                       Vågå spdl

                Pardans senior
1.            Ragnhild og Ola Vollen                  Heidal spdl
2.            Randi Rust og Ole Håve                                Skjåk spdl
3.            Bodil og Oddmar Steinfinsbø     Heidal spdl
4.            Bjørd Øien og Ola Grøsland        Vågå spdl
5.            Ingebjørg og Bjørn Sandum       Heidal spdl
6.            Eva Rusten og Håkon Sandum   Heidal spdl
7.            Mona Grimstad og
                Kjell Kvålshagen                              Skjåk spdl
8.            Kirsten og Kristen Leirflaten       Heidal spdl

19.00   Mønstringsdans/lagdans
1.            Heidal  spel og dansarlag
2.            Vågå spel og dansarlag
3.            Eritreisk folkegruppe
4.            Skjåk spel og dansarlag

20.00   Gruppespel
1.            Navnlaust frå Lom

                Lagspel fele
1.            Vågå Spelmannslag
2.            Lom Spelmannslag




21.00   PREMIEUTDELING

22.00   DANS

22.30   G-DANS

23.00   DANSEN FORTSET

01.00   SLUTT….
            Vel heim!      

                

torsdag 8. mars 2012

Påmeldingsfristen utvida til og med 11.mars

Vi  utvidar påmeldingsfristen til 11. mars.
Lag og gruppespel tevlinga er til dans om kvelden.




Startlista blir utlagt her i løpet av onsdag!

tirsdag 6. mars 2012

Boklansering "Slåtte og leikje"

Slåtte og leikje,  boka med 1500 leikje og någå attåt blir lansert på Gudbrandsdalskappleiken.
Knut Kjøk som er mannen bak boka kjem og kl 15.00 blir det pause i tevlingane slik at han kan fortelja litt om storarbeidet som ligg bak.   Sjå meir her

søndag 4. mars 2012

Velkomne til kappleik

Minner om kappleiken i Marlo Grendehus 17. mars.  Påmeldinga pågår!

søndag 26. februar 2012

Polstur

 Vi har hatt polskurs i vinter,  før jul var Tor Stallvik i Nordbergskulen og gjorde sitt beste for å lære oss pols.  
Vi vart så modige at vi bestemde oss for polstur til Rørosmartnan  
Laurdag 25. febr starta vi frå  Bismo med minibuss.  
Målet var dagdansen i Sangerhuset på Røros.
Og slik gjekk det  -  vi fekk praktisert skikkeleg -  
og Dalakopa var på scenen med drivande dansespel.
 Vi tok oss tid til å sjå og oppleve martnadstimen i gata og 
 inne i gardan.
Så vart det tid for middag og stemning på Kaffestugu før vi reiste heim. 
Og prata om det vi hadde opplevd og planla så smått neste matnadstur. 
 Men da skal vi ordne oss slik at vi får med oss nattdansen og!

fredag 24. februar 2012

Kappleiksmenyen er klar

Klokka 11.00 er kappleikskafeen i Marlo grendahus open.
Sjøl om kappleiken byrjar kl 12.laudag den 17. mars,  så kan det vera godt med kaffi og biteti når ein kjem fram.
Det blir i alle fall kveitkaku med Millom-ost,  rumbrød og  smurde mørlefser å få kjøpt
 Kaffi, te og brus.

Utpå dagen blir det middagsal.  Her kan du velje i Skjåk-suppe med rundstykke attåt,  mårr med lauk og potet eller rummgraut.

Pølse er til sals heile dagen,  på kvelden blir det også kjøtkake på gaffel å få kjøpt.
Øl og vin

torsdag 16. februar 2012

Premiedugnad

 Lom og Skjåk juniorspelmannslag hadde dugnad i kveld,  dei var med å dekorer det som skal bli deltakarpremier på Gudbrandsdalskappleiken 2012.  Då gjeld det å vera stø på handa og jobbe nøye..
 Solid innsats frå unge utøvarar og støtteapperatet rundt!
 Moro!
 Mange her
Mange der...