onsdag 15. januar 2020

Skotårsdans på Moar




Hausten 2019 hadde vi dansekveldar på Moar grendehus som vi kalla "Møle på Moar".  Nå feirar vi skotårsdagen med dans.  Vi tek til kl 20, da er teatergruppa til UL Fram på plass på scena! Dei har lova oss glimt frå reportoaret deira. 
Lom Toradergruppe spelar til dans. 
Moar grendehus sel mat, kaffi og brus. 
Vi har bestemt oss for ein dansekveld der unge også har plass på dansegolvet,  aldergrensa er 15 år. 
Trivelskveld for alle aldrar,  og du  treng ikkje danse for å kome,  det er alltid triveleg å høyre på musikk og prate med folk. 
Kl 24 er det slutt.  Da er skot-årsdagen til endes og 1. mars og klomånaden tek til.





Dansa jula ut med unge krefter

Som vanleg markerte vi Tjugandag Jul med å danse jula ut i Dønfoss grendehus. 
Programmet denne gongen var samansett av unge utøvarar som varta opp med å traktere torader, fele, vokal og dans.
Etter eit dugeleg matbord var det tid for dans. 
Lom Toradergruppe spelte,  likeså Lom Juniorspelmannslag og Astrid Sulheim slo til med ei skikkeleg springleikkule. 
Dansen gjekk lystig,  og alle dei unge utøvarane er også glade i å danse. 
Dansegolvet var verkeleg miksa av glade folk i alle aldre! 

tirsdag 26. mars 2019

Endeleg kjem det noko her att

 Sommaren 2018 arrangerte vi Landsfestivalen i gamaldansmusikk her i Skjåk.
Det gjekk godt  -  vi hadde mange trivelge gjester og gode friviljuge. 
Slikt blir det gode minner av. 
Alle fotoglimta er teke av Randi Rust











Gjestene har reist, vi rydder
Ein tom trekkspelkoffet - hittegods.

søndag 15. januar 2017

Folkemusikkstipendet

Årets folkemusikkstipend for ungdom gjekk denne gongen til danseparet Julianna Banken og Sverre Melhus Dahl.  Her er Sverre på ekte skjåkvis påveg til å snu seg under handa til Julianna.

Julianna og Sverre er klare til å føre dansetradisjon vidare.

Song, åt og dansa ut jula

Tema for årets "danse jula ut" var vokal-tradisjon.  Vi starta kl 14.00  med kurs på ungdomsskulen.
Kursdeltakarane var fyste innslag på programmet om kvelden på Dønfoss grendehus.
Danse jule ut i år vart altså arrangert den 14. januar.

Slagje storrumbrød med raudost frå Tine Lom og Skjåk
er forkunnmat
åttåt kaffi.

 Dalakara spelte opp og det gjorde 

Audun Sperstad, Rikard Skjelkvåle, Torstein Frøyse, Jon Morken, Reidar Skjelkvåle og Torbjørn Jøingsli og.  Reidar Skjelkvåle spelte ei gild springleikkule  -  så dansen gjekk lystig utover natta.
Nå er det å ta fatt på 2017.  Det er att lenge til jul!

tirsdag 3. januar 2017

Danse jula ut 2017

Jula går til endes og vi er klar til å danse ut jula på Dønfoss grendehus 14. januar.
kl 19.00 er vi klar med programet,  i år er det vokaltradisjon.  Ola Grøsland er programleiar og vi får møte nye og erfarne, unge og eldre utøvarar.

Som vanleg har vi traktering før vi svingar oss i dansen.

Inngang kr 200.-  
Medlemmar klr 100.-
Juniorar under 18 år, går gratis
Sal av brus og øl.
Slutt kl 01.00

Vokalkurs

             
 Nå er det vår tur  -  vår tur til å ha fokus på vokaltradisjon vår.  

Det blir kurs laurdag 14. januar  kl 14.00- 18. 00 på Skjåk ungdomsskule.

Dette er eit kurs for alle aldrar,  for dei som har songe før og for alle som vil lære folketonar. 

Jarnfrid Kjøk, Ragnhild Bjørge,Ola Grøsland  og Guro Grimstad stiller opp som lærarar - her blir det å lære direkte. 

Det blir song  -  litt songleikar og sjølvsagt pausar innimellom og skikkeleg matpause.
Kl 16.00   Vi  serverer pizza og drikke til  deltakarane.

Vidare blir det mat att klokka 18.  Det er fint å få litt mat før ein reiser til Dønfoss for å bli med på å "Danse jula ut" . 
Det er sjølvsagt friviljugt å bli med i programmet.

Arrangør: Skjåk spel og dansarlag