tirsdag 16. november 2010

Danseøving med marsipankake

I kveld var det felgruppa som spelte til danseøvinga
Stram vals
I høve kulturprisen var det kake med marsipan og roser på

Kaffistunda vart ekstra lang og som vanleg, svært triveleg.

Hallingkurset er like moro

Oppvarming med hatt på hugu - hattejakta var i gang!
Yess- der fer`n himilshøgt!
Å danse på tjukkleiggjom hadde ho øvd på...
Her byjar det å bli høgt!

Godt å kunne hjelpe kvarandre litt..

Takk for golvet

Tusen takk til Skjåk kommune som vel å slipe og lakke det gamle tregolvet i gymsalen på Nordberg skule. Betre dansegolv skal vi leite lenge etter.

lørdag 23. oktober 2010

Dykk i arkivet

Sist onsdag hadde vi medlesmøte med "Dykk i arkivet". Vi brukte biblioteket og lokalhistorisk avdeling til møtestad. Laget er saman med Skjåk historielag og Skjåk kommune igang med å digitalisere gamle opptak. Men akkurat denne kvelden var det fokus på dans og takka vera
Folkedansporten så fekk oss tilgang til å sjå på danseopptak som er lagra hjå RFF.

tirsdag 19. oktober 2010

Danse på tjukkleiggjom - kruking

Å danse på tjukkleiggjom - kruke som det også heiter, var eit av triksa som stod på programmet under kveldens hallingkurs. Instruktør Eirik gav gode råd, for å øve vidare vart lekse til neste tysdagskveld
- Strekk godt ut, foten skal førast framover og ikkje tilsides...

Lom og Skjåk juniorlag med forsterking

Lom og Skjåk juniorlag
med seniorforsterking i samband med dansespel i Garmo bygdahus laurdag 16. okt. 2010

lørdag 16. oktober 2010

Dansedag i Garmo

Fått tak på reinlender her!

Så var det springleiken da...

Fjuken kom og fotograferte den blide dansegjengen!

Øving på nakkesprett

Danse på tjukkleiggom - eller kruking er ganske vanskeleg på fyrsten.
Og kl 20 i kveld den 16. oktober er det medlemsfest for dansarane og medlemane i spel og dansarlaga i Vågå, Lom og Skjåk i Garmo Bygdahus.
Der blir det meir dans!
Sjå fleire bilde, det er skrivi med lita skrift øverst på sida " dansedag i Garmo"

torsdag 7. oktober 2010

Haustsesongen i gang

Det er tysdag som er den store dansedagen og staden er gymsalen på Nordberg skule.
kl. 18.00 er det kurs og øving i halling/laus. Dette er dans for spreke rekruttar. Den 12., 19., og 26. oktober og 9. 16. og 23. november er datoane for dei som vil lære seg kåte kast og sprek dans. Instruktør er Eirik Schjølberg. Medlemar går gratis, andre betaler kr 100.- for kurset.

Kl 19. 00 er det C-klassa, her er det for dei nye og unge - dei som har fått kappleiksjuka og dei som gjerne vil bli smitta....
12., 19. og 26. oktober og 9., 16., og 23 november øving/kurs i runddans og springleik.
Medlemar gratis, andre betaler kr 100. - for desse seks kveldane.

kl 20. oo er det danseøving/kurs. Øving på runddans og springleik. Kaffispleis kr. 20.- pr kveld
Kvar tysdagskveld, siste dansekveld før jul er 30. november.
Julebowling saman med Lom og Vågå den 2. desember

søndag 19. september 2010

Samarbeid i emning

Representantar for spel og dansarlaga i Vågå, Lom og Skjåk var den 15. september samla til pratemøte. Tema for kvelden var korleis vi kan støtte kvarandre og kva vi etterkvart finn det naturleg å samarbeid om. Vi har ein kulturarv å forvalte, og dette kan vi gjera kvar for oss og saman. Kvelden munna ut i fleire tankar, som etterkvart vil kome både medlemar og alle andre som likar spel, song og dans. Det første prosjektet som vi er på veg inn i, er ein dansedag for ungdom. Dagen er planlagt til den 16. oktober. Dansekurs i Garmo skule på dagtid, og fest for kursdeltakarar og lagsmedlemar i Garmo bygdahus om kvelden.

tirsdag 7. september 2010

Dans saman med Sølja

Komande laurdag, den 11. september inviterer Sølja danselag fra Hamar til hyggeleg laurdagsdans i Mogarden. Det er Ingrid Maurstad som er primus motor for arrangemenet og ho kan fortelja at 18 glade dansarar kjem for å besøke Skjåk-bygda og ikkje minst danse laurdagskvelden.
Velkomen kl 20, seier Ingrid og kan fortelja at både Stensgårdmusikken, Ragnar Vang og Guro Grimstad stiller med musikk.
Ingrid fortel også at det blir sikkert ei økt med sangdanser, ettersom Sølja tykkjer også denne formen for samværsdans er svært moro.
Det er viktig at vi i Skjåk tek turen til Mogard om laudagskvelden, alle som har høve til å gå på ein gratis fest!
Heimesida til Sølja finn du her

fredag 6. august 2010

Det blir ingen fest 28.august

Vi planla å arrangere gamaldansfest 28. august i Marlo grendehus. Festen blir avlyst, vi kjem attende med ein offentleg fest seinare i haust.

søndag 4. juli 2010

søndag 27. juni 2010

Landskappleiken på Voss

Turen til Voss gjekk via Sognefjellet, og klart vi måtte stoppe ved larvikitten
Aleksander, Tina og Brit klar for dans vanleg fele, klasse C

Arne M. Sølvberg frå spelmannslaget Fjelljom stilte opp som spelmann.

Det er ikkje langt mellom Stryn og Skjåk, og det er leikje som blir brukt på båe sider av fjellet.

Aleksander dansa fyrst som fylgje til Tina

Deretter med Brit

Til neste kappleik skal vi ha øvd ennå meir og ikkje minst; få med oss fleire på moroa

onsdag 9. juni 2010

Dans på nygolvet i lyu



Etter at kilkastinga vel var gjennomført, spelte juniorar frå Lom og Skjåk juniorspelmannslag opp til dans, slik at det vart nyttgolv dans. Juniorane spelte saman med seniorar slik at vi veteranane kunne få svinge oss på golvet. MORO.

KASTE KIL KVELD

Innsatsen var upåklageleg då kveldesn kilkastemeister skulle kårast!

torsdag 3. juni 2010

Kilar og kastområde klart

Bilhenger lasta med kil-kasteutstyr kom til gards kl 18.00 i ettermiddag, her
er utstyr så fleire kampar kan gå parallellt
Oppmåling av kastområde og tilhøyrande prøvekasting.
Nå er alt klart, i morgo er den store kaste kil kvelden for spel og dansarlaga i
Skjåk, Lom og Vågå.

mandag 31. mai 2010

Kaste kil konkurranse

Nå er det øyeblikkeleg den store kaste på kil konkurransa mellom spel og dansarlaga i Vågå, Lom og Skjåk. Kilsetta er ferdige og medlemane i dei tre laga er inviterte til medlemsmoro på Søre Haugen i Skjåk fredag 4. juni. Tevlingane tek til 19. 30 og gjeldande reglement vil bli oppslege på ein vegg.

Om du ikkje vil vera med på dette, så er det mogleg å få prøvd dansegolvet i lyu. Heilt nylagt, siste golvplata smatt på plass i kveld.

Skjåk spel og dansarlag ynskjer at mange medlemar blir med på moroa!

Vi i Skjåk legg pølser på grillen - det er fint om du tek med drikke sjøl.

Men kaffi skal det bli!

lørdag 15. mai 2010

trippelkast

Lea de folk og unge hallingdansarar er på scenen når førestillinga "Den so lea se ette golve" går av stabelen på Fagernes i samband med Jørn Hilme stemnet. Det er fredagskveld den 24. juli og Skjåk spel og dansarlag inviterar til medlemstur med minibuss - så sant det melder seg nok som vil vera med. Medlemane betaler halv pris for billetten, og laget betaler bussen.

mandag 10. mai 2010

Gudbrandsdalskappleiken

Mari Eide Lindsheim deltok på Gudbrandsdalskappleiken. Ho song "Sven Svane" og "Jenta burta elve". Vi får sikkert høyre meir frå den klokkeklare røysta hennar.
Flott at unge tek vare på og ber vidare vokaltradisjon.

lørdag 8. mai 2010

Vågå spelmannslag i Skjåk

Glimt frå Landsfestivalen, det byrjar å bli lenge sia festdagane i juli 2008, men musikken er like god for det!

tirsdag 6. april 2010

Krinsmeisterskap i helga

I helga blir Gudbrandsdalskappleiken arrangert i Vågå. Tevlingane tek til kl 13, og dette er "kretsmeisterskapet til Gudbrandsdalen når det gjeld vokal, spel og dans.
Det er rekruttane som startar, sia går det slag i slag. Spelmannslaga i dalen tevlar frå kl 20.45 - då spelar dei til dans samstundes som dei blir rangerte av dommarpanel.
Alle som likar folkemusikk og gamaldans må ta turen til Kulturhuset i Vågå laurdag 10. april

Medlemsinfo utsendt

Sjekk postkassa di, anten ho er analog eller digital. Det skal vera kome ein medlemsinfo som dekker april, mai, juni og juli. Dersom infobrevet manglar om laurdag og, så gjer vel å kontakte meg eller ein annan i styret. Vi har sendt til alle som står på medlemslista

mandag 22. mars 2010

Meir av dette

Rekruttdansarane har lenge ynskt å kunne danse som FRIKAR. I kveld 22.mars, fekk vi til ein smakebit på å danse laus. Vi hadde besøk av Eirik Schølberg, og alle fylgde nøye med då han dansa, og det meste spanande var om han greidde hatten.. Det greidde han. Samtlege var svært lydhøre for instruksjon og gode råd før dei sjølve skulle prøve seg..
Flott stil!Hard innsats
Greidde det!
Tjo hei!
Sjå hatten kor han fer..
Foten høgare enn hatten
Hatten på veg ut av bildet!
Høgt opp til hatten
MORO - dette er dans for sprekingar
Så er det eit spettent hopp
Klar for kruking

fredag 5. mars 2010

Øn Jo Kolstadløkken


Laurdag 20. februar var det ein triveleg festkveld der spelmannen John Kolstadløkken vart sett i fokus. I år er det 100 år sia han var fødd og Elias Sperstad leia eit rikhaldig program for eit fullsett Dønfoss Grendehus.
Mellom anna var Dalakara på scena att, rundt 25 år sia dei var svært så aktive dansespelmenn. Arnstein Fjerdingren, Elias Sperstad, Ottar Brustad, Torstein Sperstad og Alf Rune Melby var Dalakara. Denne kvelden i Dønfoss mangla Melby, han var ute på spelejobb.

onsdag 10. februar 2010

Årsmøte

Minner om årsmøtet i laget. Det er 16.februar på Nordberg skule. Alle medlemane har fått tilsendt innkalling og årsmelding. Når årsmøtet er ferdig, blir det videoglimt fra moro som laget har vore med på. Vel møtt.

Lom og Skjåk juniorspelmannslag


Nå er juniorlaget på youtube - og har eiga gruppe på fjesboka.
Dette lovar godt for framtida

mandag 18. januar 2010

Dans og trim

Godt nyttår og velkomen til danseøving og moro i gymsalen på Nordberg skule. Vi byrjar vårdansen 19. januar kl 20.00. Det blir springleik, runddans og ikkje minst kaffipause.
Kr 20.- pr. kveld ( kaffispleis).
Alle velkomne

mandag 4. januar 2010

Danse jula ut avlyst

Styret har bestemt å avlyse "danse jula ut" i Dønfoss Grendehus den 9. januar. Grunnen er brannen i Nordberg som fekk så fatale følgjer.