lørdag 30. mars 2013

Vårleg dans

Styret bestemde at vi skal ha dansekveldar også i april og fyrst i mai.  Hans Hågå, Thorvald Sæhlie og Randi Rust har ansvar for treningsøkta.   Fyrste dansekvelden etter påske er allereie 2. april.  Som vanleg kl 20 - 22 i gymsalen på Nordberg skule.  Så blir det kvar tysdag med avsluttning 7. mai.  Vi må bestemme oss om vi vil til Røros og landskappleik innan den tid.

Årsmøtet har vore gjennomført

Vi hadde årsmøtet vårt i februar.  Vi har vel 60 medlemar og fjerdeparten av dei valde å kome denne kvelden.  Årsmelding, rekneskap og årsprogram vart banka.
Styret er samansatt slik: Randi Rust, leiar vald for eit år, Sylfest Lykre, Thorvald Sæhlie, Sevald Flekken og Kristen Holø.  Holø og Sæhlie er nye i styret.

lørdag 12. januar 2013

Danse jula ut

Så er denne jula til endes og-  laurdagskveld 12. januar dansa vi nok ein ut jula.
Fyrst hadde vi program om spelmannen Torkjell Auale.  Det er 150 år sia han var fødd.
 Det var kaker med krem...

 Mykje god prat  og gild mat. Det skal vera skikkeleg traktering når vi dansar ut jula!


onsdag 9. januar 2013

Danse jula ut

Nok ein gong er det tid for å avslutte julehøgtida og  og danse jula ut.
I år som tidlegare skjer dette i  Dønfoss grendehus laurdag 12.01.13.
Vi opnar dørene kl 18.30  og presis kl 19.30 byrjar programmet.
I år er programmet knytt til spelmannen Torkjell Auale.  Det er 150 år sia han var fødd.
Mange av utøvarane under konserten er etterkomarar av Auale`n.
i tillegg deltek spelmenn frå bygda, frå Lom og frå Stryn.
Vokal, fele og trekkspelmusikk.
Dansespelinga blir tradisjonelt dugnadsspeling pluss Dalakara.
For medlemar kostar billetten kr 50.-   Andre betaler kr.150.-
Dei som har med sending går gratis.