onsdag 23. desember 2009

God jul

Skjåk spel og dansarlag ynskjer alle ei god og fredeleg julehelg og eit godt nytt år.
Vi dansar jula ut den 9. januar 2010 i Dønfoss grendehus.
I år er konserten knytt til spelmannen Jo Kolstadløkken.

fredag 11. desember 2009

Førjulsbowling

Vågå spel og dansarlag inviterte til førjulsbowling på Vågå Bowling.
Dette takka vi med glede ja til, og ein fullstappa minibuss pluss ein personbil med fire i, møtte opp til vennskapleg kamp -- det vart retteleg kappleiking med bowling.
Viktig å finne rette kula...
Dette blir bra!
Fin stil!
Ivrig studering på resultatliste...
Seriøs innsats frå Vågå!
Dette er moro - det er noko som kallast nybyrjarflaks!
Glad vinnar, ikkje av bowling! men etter solid innsats ved kjøp av lodd- og vinnarlodd.
Vi kjem gjerne att- men då må vi bowle mindre og danse meir!

onsdag 2. desember 2009

Siste danseøving i år...

Dansestøvet legg seg grått over golvet, og ettersom vi får bruke gymsalen på Nordberg skule vederlangsfritt, skulle det berre mangle at vi ikkje gjer ein innsats for å fjerne støvet etter oss. Svabre golvet etter endt danseøkt er også ein del av friviljugt arbeid!

Hausten har gått med til springleikkurs og siste dansekvelden før jul var mengdetrening. Her går det unna!!

onsdag 25. november 2009

Årsmøte i Drammen


Sist laurdag slo LfS og NFD seg saman og her blir dokumenta for samlinga underskrivi av styret i dei to laga.

Utsendingar som bivåna underskrivinga. Etterpå var det middag og dans.

søndag 4. oktober 2009

Sommarminne

Eit lite glimt frå sist sommar då Skjåk spel og dansarlag var med som statistar i Presthaugen i Lom.

mandag 28. september 2009

Vokalkurs



Camilla Granlien kjem til Skjåk laurdag 24. oktober og har kurs! Vi i Skjåk har også ein stor skatt når det gjeld gamle songar. Kom og bli med på dette dagskurset. Ver med og ta vare på den eldste forma for folkemusikk. Ein tradisjon som ikkje må bli borte. Påmelding til 90941702

fredag 14. august 2009

Dans på Sota



Det er moro å vera budeie når det kjem friarar!

Opning av Breheimen

Det vart sus i serken og fart på budeiene i dag.
Tunet på Sota sæter var staden for markeringa av at Breheimen Nasjonalpark er ein realitet. Det var statsminister Jens Stoltenberg, finansminister Kristin Halvorsen, samferdselsminister Liv Signe Navarsete og miljøvernminister Erik Solheim som stod for den formelle opninga. Men ved sida av alle talene, vart det også eit lokalt show som Endre Skjåk hadde regien av. Endre batt soga "Far i fjell" saman, han spelte den legendariske fjellmannen Svein Kvittingen. Og Svein tykte det var stas om sommaren når budeiene var på plass, og dei fekk friarar...
Dansen gjekk lystig på setervollen, det var dansarar frå Skjåk spel og dansarlag som var budeier og friarar denne gongen. Spelmann er Rikard Skjelkvåle.

Budeia letta frå bakken

Danseglede

Takk for oss


tirsdag 4. august 2009

Konsert på Uppigard Garmo

I samband med Hamsunjubileet var det ein folkemusikkonsert i tunet på Uppigard Garmo. Det var utøvarar frå dei tre Ottadalskommunane som gav tilhøyrarane ei flott og variert musikalsk oppleving denne fine augustettermiddagen. Det var Jarnfrid Kjøk som opna konserten. Ein konsert som var samansett av både vokal tradisjon, solospel og samspel på fele, trekkspel og durspel. Programleiar Ola Grøsland.
Arnstein Fjerdingren og Marianne Stensgård i aksjon,
dei representerte Skjåk saman med Aud Hove.
Aud Hove

tirsdag 28. juli 2009

Dans etterpå

Alle vi som var med i Presthaugen vart godt teke vare på med mat etter endt dyst. Premiærekvelden spanderte Nordal Turistsenter pizza på heile gjengen, etter siste framsyninga var det Fossberg Turistsenter som diska opp. Tusen takk, det smakte svært godt.

Undervegs med Ibsen - i år og

Også i år var det "undervegs med Ibsen" i Presthaugen i Lom. Skjåk spel og dansarlag var med som statistar, her er gjestebodshopen klar.
Sendingskorg og smedkarar

Dansen går i gjestebodsgarden

Peer møter den Grønnkledde

Peer i Dovregubbens hall, her er han ille ute

- Kva skjer, er vi hundre år attende i tid?

Det står i salmeboka

Ventar på prestens tale

Klart for gravølscena

tirsdag 21. juli 2009

Øving i gang

Endre Skjåk spelar Peer Gynt og han forklarar også oss statistar korleis dette skal bli

Øvingane til årets "Vandring med Ibsen" i Presthaugen er i gang. Også i år er Skjåk spel og dansalag med som statistar, både i bryllaupet på Hægstad der Peer kjem og røvar brura og i gravfølgjet som høyrer "Prestens tale". Å vera med er vorte ein av dei store opplevingane for oss. Premiæra er fredag 24.juli og vandreteateret blir framsynt 26. og 27. juli og. Du får kjøpt billettar ved Turistinformasjonen i Lom og ved porten ved Storstabburet. Forestilling tek til kl 19.00. Kom og sjå, dette er ei flott oppsetting av Peer Gynt.

Sangøving, vi må da kunne salma som gravølsfylgjet skal syngje

søndag 28. juni 2009

NM i folkemusikk

Mykje folk, sol og varme prega NM i Folkemusikk på Geilo dagane 23. til 28 juni.
Det er spanande å vera debutant på kappleik
Det er ikkje alt som er like lett å få på plass

Siste gjennomkjøring på øvingsrommet, nå er det like før juniorlaget frå Vågå og Skjåk skal på scena i lagdans

Det let godt då juniorlaget frå Lom og Skjåk under leiing av Rikard Skjelkvåle spelte opp til dans i teltet onsdag 24. juni, dei var første lag ut kl 19.00

Moro med sovesal

onsdag 17. juni 2009

Snart NM

Juniorlaget til Vågå og sSkjåk finpussa kappleisforma i kveld

Full konsentrasjon

Slik er rekkefølgja når vi skal inn på scena

Full fart på springleiken

Her skal det bli rundsnu

Har festa grepet

torsdag 4. juni 2009

Vi vander med Ibsen i Presthaugen

Det er ikkje så lenge til det er vandrespel i Presthaugen att. Vi skal vera med som statistar i år og. Prøvdatoer; sundag 19.juli kl 14.oo ( gjestebodet og gravølet), gjennomgang tysdag 21. og onsdag 22., båe kveldane kl 18. Generalprøva er torsdag 23. juli og då må alle vera på plass.

Dei fleste av oss statistar bør (og skal vera med) på gjennomgangane.

Premiære fredag 24. juli, framsyning sundag 26. juli og måndag 27. juli.

Vi kan berre byrja å gle oss - og reklamere for eit fantastisk vandrespel saman med Ibsen og ikkje minst; Peer Gynt.

lørdag 30. mai 2009

Ståk i Skjåk

Rekruttane tykker at "Herr Smett" er heilt topp


"Ståk i Skjåk" er ein trivselsdag for alle, i år vart denne gjennomført 30.mai. Marknadsdagen vart avslutta med sommarkonserten til kulturskulen. Dagen byrja med song og dans på bankplassen, og avslutta i Skjåkhallen. I mellomtida hadde laget verva 25 nye medlemar.

Her er juniordansarane i gang

Felejuniorane er klare

Rekruttar

Durspel er populært