søndag 14. oktober 2007

Medan vi ventar; Nordafjells på Mogard


Det var ein strålande laurdagskveld 13.oktober, på Mogard. Årets Landsfestivalvinnar og nyoppnemnt Oppdals-ambassadør storspelte. Fyrst til konsert, deretter drivande dansemusikk.

Gruppa er samansett av Gaute Iversen, Even Røhjell, Knut Sneve, Andres Bjørkås frå Oppdal og Øyvind Sandum, Lalm, som i år er busett i Skjåk. Konserten var samansett av leiker i tradisjon og nykompnert musikk. Ikkje berre trakterar Anders Bjørkås både hardingfele og flatfele, han komponerer og. Kvelden baud på fleire nye innslag, musikk med inspirasjon frå folkemusikk frå både Sverige og Irland attåt vår eigen tradisjon.

Alt glimrande spelt, og etterkvart som leikane vart presantert, fortalde musikarane litt om leiken og histora rundt han.

Etter ei lita pause tok det av med dansespel, og dansegleda utfalda seg på golvet.

Dansen gjekk lett, og det hadde vore plass til fleire. Vel 50 hadde ein gild kveld - og dette var ein fin forsmak på dansen og musikken vi gler oss til når Landsfestivalen er i Skjåk.


Posted by Picasa

Ingen kommentarer: