Medlemsinfo




Medlemsinfo hausten 2011




Medlemsinfo  våren 2011

Skjåk Spel- og Dansarlag

Frå årsmøtet 15.02.2011

Val

I styret held Randi fram som leiar. Sylfest Lykre fortsett som kasserar og Jan Marstein som skrivar. Av styremedlemmane stod Ole Håve på val, men han tek to nye år. Magnhild Teigum har att eitt år som styremedlem. Revisorane Helen Hole og Torstein Morken tok eitt nytt år.

Årsmelding og rekneskap Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjente. Frå rekneskapen refererer vi fylgjande hovudtall: Inntekter totalt kr 61.772. Utlegg totalt kr 82.088, dvs eit underskot på kr 20.216. Av utlegga er kr 22.600 brukt direkte på barn/ungdom. Laget har ein eigenkapital på kr 633.399.

Årsmeldinga

Sjå vedlegg.

Medlemspengar

Da hovudlaget (FolkOrg) aukar den sentrale delen av kontingenten med kr 40 for vaksne (frå kr 180 til 220), vedtok årsmøte at vi reduserer den lokale delen tilsvarande, slik at medlemskapen totalt blir uendra for 2011, dvs kr 260 for vaksne. For barn/ungdom er satsen nå kr 100, men her går alt til FolkOrg.

Innføring av folkemusikkstipend

Årsmøtet vedtok ei ordning med folkemusikkstipend. Statuttane ligg vedlagt. Vi kjem nærare attende til dette i ein medlemsinfo i haust.

Dansedag for barn i Marlo grendehus

Laurdag 12. mars i samarbeid med Trusopplæringa. Her er Marianne Stensgård koordinator – og dagen blir annonsert i Fjuken og. Det er viktig at vaksne er med og dansar med barna.

Å gje barna ei tidleg innføring i tradisjonar og danseglede er viktig. Vi ynskjer godt oppmøte denne dagen. Danserekruttane vil få høve til å vera med under gudstenesta i kyrkja dagen etter.

Pub på Pollfoss

– med pils og pannekaker

Laurdag 12. mars blir det pub på Pollfoss gjestehus, kl 21.00–02.00.

Vertskapet vil også by på tradisjonelle små- pannekaker frå Nederland.

Nordberg tvauraderlag og Skjåk spelmannslag blir i allefall med og spelar til dans, fylg med på heimesida vår om det etter kvart blir fleire.

Vi organiserer med buss frå ni bygda – gjer vel å si frå til Sylfest Lykre, tlf. 95 88 45 28.

Dette for at vi må vite veit kven og kor mange som vil ha gratis skyss.

Inngang på Pollfoss kr 50.-

Dans i gymsalen på Nordberg skule

Kl. 19.00–20.00 junior

Kl 20.00–22.00 vaksne

8. mars springleik, oppfrisking og uøvde

15. mars

21. mars

29. mars

Guro Grimstad spelar springleikkveldane

Kaffispleis kr 20,-

Mobiliser – slik at vi blir mange til

Gudbrandsdalskappleiken

Heidal 2. april

Her håpar vi at mange vil vera med til lokalkappleiken vår. Lom og Skjåk juniorspelmannslag skal delta, likeleis skal vi vera med på dansemønstringa. Det blir sikkert nokre som melder seg i soloklassane og. Hugs at laget betaler påmeldingsavgifta!

Dansedag for ungdom

I Garmo skule laurdag 26. mars kl 11.00–15.30

Her er vi medarrangør saman med spel- og dansarlaga i Lom og Vågå.

Dans på Skjåkheimen

Vi legg danseøvinga vår den 5. april til Skjåkheimen.

Dans på Markane

Vi legg danseøvinga den 12. april til Markane i Stryn. Eg har vore i kontakt med Arne Sølvberg, for vi reiser ein kveld Fjelljom spelar på danseøvinga. Nå, når eg skriv dette, er planen at Fjelljom spelar denne datoen. Får nærare beskjed seinare, den andre aktuelle kvelden er 5. april. Om det blir tilfelle, så byter vi med Skjåkheimen.

Lauvspretten

Er den 20. og 21. mai. Dit må vi!

Kilkveld

på søre Haugen 4. juni, turneringa startar kl 19.00 eller kanskje lite grann tidlegare på kvelden…

Vi inviterer laga i Lom og Vågå – og kastar kil, dansar, et og drikk og pratar ein del tullprat. Velkomne skal de vera!

Ved Jakupsteinen

Konsert ved Fel-Jakupstugu 18. juni kl 19.00.

Arne Sølvberg og Kjell Plassen. Det kjem annonse i Fjuken og så står det på nettsida vår.

Helsing Randi og resten av styret

24.02.2011

Dette skrivet blir også sendt til “gamle” medlemmer – medlemmer som ikkje har betalt kontingenten for 2010.