fredag 13. mars 2015

Dans mest mogleg

Kom og

DANS MEST MOGLEG 

på Moar fredag 20. mars 2015.
Dette er ein kveld for sosial samværsdans, og vi set dansen kl 19.00.
DEt blir gildt med musikk,  Vågå juniorspelmannslag spurte om dei kunne få kome, både for å danse og spela til dans.  Vidare har vi Ramstadstrondingane og Kristin og Sigurd til å spele.
Det skal ikkje stå på musikken!

Dette er ein rein dansekveld,  Her er det om å gjera å danse mest mogleg.

Det er blir ei kveldsmatpause ved 21-tida  og når klokka slår midnatt er dansen til endes for denne gong.

Det kostar 100.- å vera med på kvelden, då er mat og kaffi inkludert.

Eg vil gjerne at du melder deg på med å sende melding eller  ringe til 90172366 eller sende epost til randi.rust@gmail.com.    Arrangementet er også på Facebook.
Maset om påmelding er på grunn av maten.  Det er stor skilnad på å lage mat til 30 og til 90!


Det blir også eit lite gratislotteri.

Vi hadde tilsvarande triveleg dansekveld i Vågå i november,  nå skal vi danse oss gode minner på Moar,

Ingen kommentarer: