mandag 30. april 2012

Dansens dag 2012

Skjåk spel og dansarlag markerte dansens dag med å delta under høgmessa i Skjåk kyrkje.  Vi blir like glade kvar gong soknepresten vår spør om vi vil vera med.
Vi fekk vera preludium  -  sju par i bunad dansa vals føre prosesjon med prest, døpsvatn og  tre dåpsbarn.
-  Å danse er å lede og la seg lede, sa presten.  Preika fokuserte på dans og glede før springleiken vart spelt opp av Guro Grimstad dansen gjekk innunder preikestolen.
Dansarane fungerte også som postludium når dei i lett og lysting reinlendertakt svinga seg ut kykjedøra.
Tusne takk til presten vår, Hege Fagemoen som ved fleire høve har invitert oss inn i kyrkjelege handlingar.

Ingen kommentarer: