mandag 2. juli 2007

Årsmelding 2006

Årsmelding 2006

Styret har i år vore samansett slik:
Randi Rust leiar
Marianne Stensgård
Aud Wencke Kvålshagen Banken
Kjell Kvålshagen økonomi
Rikard Skjelkvåle
Ole Håve vararepresentant
Hans Hågå - spelmannslags representant


Vi kan sjå attende på eit aktivt år - og eit år som gjev oss utfordringar for både 2007 og ikkje minst 2008. Vi er tildelt arrangøransvaret for Landsfestivalen 2008.

Aret 2006 byrja med ”Danse Jula Ut” på Dønfoss grendehus. Denne gongen var det ”Honndalsmusikken” som hadde konsert og var med å spelte til dans.
Honndalsmusikken er leia av Svein Nesje, Stryn og vi fekk oppleve den nordfjordske svipen og dåmen med fire hardingfeler i solo og samspel.
Så kosta vi skyss og deltaking på 7 ungar frå Skjåk slik at dei fekk delta på kurs i samband med Folkemusikktreffen i Vågå. Det var kurs i både spell og dans.

Det neste som stod på programmet var å arrangere offentleg dansefest. Bjørn Turtums gammaldansorkester tok kontakt med oss og i samarbeid skipa vi dem 4. mars til fest i Marlo grendehus med aldersgrense 15 år. 216 løyste billett.
Vi hadde stand for å verve fleire medlemar i samband med Skjåk dagen sist i mai.
Olsok fekk vi vera med på ei spesiell oppleving. Peer Gynt vart oppsett i Presthaugen i Lom, og laget fekk invitasjon til å vera med å vera gjestebodshop på Hægstad. Eit morosamt og lærerikt oppdrag, det er ikkje kvar dag at over 350 står og ser på oss og PeerGynt kjem og røvar brura.

Vidare deltok vi både på Gudbrandsdalskappleiken og på Landskappleiken.
Ettersom han i år var på Beitostølen var reiseavstanden overkommeleg.
Vi stillte med lag i lagdans pluss to par i B-klassa!

Kjersti og Torstein Morken, Tone Heldal og Hans Hågå, Mona Grimstad og Kjell Kvålshagen, Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdinggren, Helen og Arve Hole, Randi Rust og Ole Håve utgjorde lagdanslaget. Guro Grimstad spelmann.
Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdinggren og Randi Rust og Trygve Auale deltok i Bklassa, dans vanleg fele.

Danseaktiviteten vår har vore god, båe i vårhalvåret og i haust.
Vi prøvde oss med reprise på polskurs i vår. Her var det heller magert oppmøte. Då gjekk det betre med dei vanlege øvingskveldane som i år har vore fast på Nordberg skulen.
Vi hadde intensive springleikøvingar innan kappleiken og leigde nordover Kari Grøsland til å spela for oss på øvinga. Ho spelte til oss på Gudbrandsdalskappleiken. Guro Grimstad stilte som spelmann på Landskappleiken.
I haust har vi hatt fokus på masurka og dette gav god uttelling på oppmøte. Mange fine dansekveldar på Nordbergskulen i haust.

Elles har vi sponsa dansedagen på ungdomsskulen med instruktør og spelmann. Svært godt og populært tiltak.
Randi deltok på eit instruktørkurs i mars - hvis det blir fleire slike kurs må fleire vera med. Det er viktig å auke kunnskapsnivået til laget.
Sigrid Skjelkvåle Aaboen, Mari Synnøve Blankenborg og Rikard Skjelkvåle var representantane våre i eit møte når det gjald dans og framtida til dansen i Gudbrandsdalen.

Den aller største hendinga dette året er at vi fekk tildelt å arrangere Landsfestivalen i Gammaldans 2008. Arbeidet er i gang og styret håpar å kunne kunngjere hovudkomiteen på årsmøtet.
Styret har hatt 5 styremøte og handsama 30 saker. Vi har har 58 medlemar.
Sentralen 27. des. 2006
Randi Rust

Ingen kommentarer: