tirsdag 24. juli 2007

Landsfestivalen 2008


Velkommen til Skjåk 2008

Vi gler oss til du kjem til Skjåk og Landsfestivalen i gamaldans 2008. Heile bygda ynskjer deg og fylgjet ditt velkomne!

Landsfestivalen blir arrangert i kommunesenteret Bismo 16. - 20. juli

Hovudarena blir Skjåkhallen. Der står matteltet, der finn du Skjåk ungdomsskule med stemnekontor og øvingsrom.

Festivalkampen og lokaliseringa av dei andre aktivitetane blir i kort gangavstand frå Skjåkhallen. Vi har ikkje festivalhotell, men to store festivalcampingar. Festivaldansen utanom Skjåkhallen og matteltet er Mogard Gjestgiveri. Skeid kro er ei triveleg kro midt i Bismo. Alt i gåavstand frå arenaen.

Det er elles mange campingplasar i bygda, sjå overnattingslista. Vil du bu på hotell, er Grotli høgfjellshotell, eller hotella i Lom ei moglegheit.

Skjåk har gode arrangørerfaringar. Titanofestivalen starta her. Countryfestivalen i Skjåk er eit årleg arrangement. Vi har Irskfestival, Ludofestival, Lauvsprett om våren og Grotlitreff kvar haust. Landest største veteranbilløp "Flåklypa Grand Prix" blir og gjennomført kvar vår.

Når den 16. juli 2008 nærmar seg, finn fram danseskoa, last opp bilen med gode venner og godt festhumør og set kursen mot Skjåk. Velkomne skal dykk vera alle saman.

Med vennleg helsing hovudkomiteen, Randi Rust

Ingen kommentarer: